Dagleg leiar og utøvar i Os Håndbakklubb, Frode Veim Haugland, ser på seg sjølv som den klart største favoritten i NM i helga. Han tevla i -85 klassen, og meiner at noko anna enn gull med begge hender vil vera ein enorm nedtur. (Akrivfoto)
Dagleg leiar og utøvar i Os Håndbakklubb, Frode Veim Haugland, ser på seg sjølv som den klart største favoritten i NM i helga. Han tevla i -85 klassen, og meiner at noko anna enn gull med begge hender vil vera ein enorm nedtur. (Akrivfoto)

Gjer storinnrykk i noregsmeisterskapen

Frode Veim Haugland trur på medaljedryss til Os Håndbakklubb i noregsmeisterskapen i Bergen laurdag.

- Det er totalt 15 utøvarar frå klubben som skal delta, seier Veim Haugland.

- Kor mange medaljehåp meiner du de har?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eitt. Meg. Nei, eg berre tullar. Eg vil seia me har seks eller sju utøvarar som har gode medaljesjansar.

Sjølvtilliten i orden

Det er ikkje noko i vegen med sjølvtilliten til armbrytar-esset frå Os. Han meiner NM skal vera grei skuring for han.

- Kven er det som er din sterkaste utfordrar?

- Det er jamt bak meg. For å seia det slik, du har eit tetsjikte, og så har du førstemann, som er suverent best. Eg skal ha to gull, noko anna vil vera ein enorm nedtur, smiler Veim Haugland.

- Kva med klubbkamerat Tore Matre, kan han vera din sterkaste utfordrar?

- Eigentleg ikkje, men skriv det så blir han nøgd, seier Haugla.

Comeback for Andrea Drange

Det er nokre år sidan det har vore skriveri om ho, men no er ho tilbake i søkjelyset. Som 16-åring vann Andrea Drange sølv og gull i junior-VM, etter å ha vore aktiv som armbrytar i under eitt år. No skal ho gjera comeback.

- Andrea forsvann ut for lenge sidan, etter å ha fått ein skade. Eg har snakka med ho angåande comeback ved fleire høve, og endeleg har eg klart å lura ho med. Det har nok litt å seia at det er i Bergen, og ikkje så langt unna, seier Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har ikkje fått mykje tid til å førebu seg.

- Ho har hatt to treningar. Så det vert rett i elden, seier Haugland.

Mål om å nå Vegas

Noregsmeisterskapen går av stabelen i Turnhallen i Bergen laurdag. Arrangementet startar tidleg og vinnarane vert kåra på ettermiddagen. Veim Haugland reknar som sagt med at det vert to gullmedaljar. Noregsmeisterskapen vert ei fin innkøyring til World Armwrestling League-kvalifiseringa i november.

- Første kvalifiseringsrunde går i Skien i slutten av november. Der kjem eg til å gå greitt vidare. Det vert tøffare i England til neste år. Det er finale-kvalifisieringa, og eg skal tevla mot dei beste frå seks ulike land. Dei tre eller fire beste i kvar klasse vert kvalifisert, og får tevla om pengepremiar i Las Vegas neste år, seier Haugland.

Armbrytaren held på å byggja hus. Trening vert det ikkje mykje tid til.

- Det passer eigentleg dårleg, men det er det ikkje noko å gjera med, seier han.

Thuen på veg tilbake

- Er det berre du som satsar skikkeleg i klubben?

- Ja. Det er ingen andre som satsar som meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva med Arne Thuen, har han trappa ned?

- Arne er på veg tilbake. Han har slite med skadar dei siste åra. Han stiller i -85 i helga. Om han tek gull, startar han vel å snakka om EM og VM, kjenner eg han rett, smiler Haugland.