Liten kar - stor fiskar
Seksåringen Martin Klavins og far hans Artur fekk storfangst på stonga i Skogseidvatnet i Fusa sist helg.
Martin er allereie ein erfaren fiskar. Heile 79 forskjelleige fiskeartar har hann fått på stonga i Noreg så langt.
Far Artur fortel til friluftsmagasinet Hooked at det var i Skogseidvatnet i Fusa dei sat ny fangstrekord i helga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var lite fisk å få denne dagen. Det var is på overflata, noko som gjorde fisket vanskeleg, seier han til friluftsmagasinet.
Dei bestemte seg for å trekkja litt vekk frå dei åtte andre båtane som var ute i same ærend.
- Martin klara likevel å halda ut heile dagen, og det fikk han betalt for, seier Artur.
Då dei såg fisken, forstod dei at det var den største røya nokon av dei hadde fått.
- Fisken var veldig sterk. Den drog ut masse snøre mange gonger, og eg vart veldig sliten, fortel Martin.
Artur fortel at dei begge brølte då fisken var vel sikra.
- 6,7 kilo vog fisken. Det var ei stor oppleving for både Martin og meg, seier Artur.
I fjor var far og søn å sjå i Noreg Rundt på NRK. Martin hadde då fanga 50 forskjellige artar på stonga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Artur fortel at det nok blir fleire turar på Skogseidvatnet i vinter.
- Martin synest nemleg dette er veldig moro, og eg har ikkje noko imot å få fleire av disse vakre fiskane. Dessuten har ein jo alltid moglegheita for å få enda større røyer, seier han til Hooked.
post@osogfusa.no