- Har heile tida uttrykt skepsis til reforma
- Eg har ikkje så lyst til å kommentera uttalelsane til Terje Søviknes på noverande tidspunkt. Når det gjeld meg sjølv, har eg heile tida uttrykt stor skepsis til kommunereforma, både i valkampen og i andre samanhengar, seier ordførar Atle Kvåle (Ap).
I går kveld vart det klart at Arbeidarpartiet i Fusa, etter eit gruppemøte, vart samde om å seia nei til ein ny Bjørnefjordskommune. Dette skjedde berre éin dag etter at intensjonsavtalen som var forhandla fram mellom kommunane Os, Fusa og Tysnes, vart offentleggjort tysdag.
Ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp), uttrykte stor skuffelse over Fusa-ordføraren sitt standpunkt. Søviknes kalla utviklinga i saka eit tillitsbrot, og sa mellom anna at Os, som følgje av utspelet, slepp å bera byrden av den dårlege økonomien i Fusa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me klarar oss godt utan konkursbuet Fusa kommune, sa Søviknes.
Torsdag morgon seier Kvåle at han ikkje ønskjer å kommentera uttalelsane.
- Eg registrerer det han seier, men det er Søviknes sine uttalelsar, og at han nyttar negative omgrep om meg og Fusa kommune får stå for hans rekning, seier Kvåle.
Fusa-ordføraren synest likevel det er spesielt å kalla Fusa kommune for eit konkursbu.
- Det fortener ikkje nokon kommentar på noverande tidspunkt. Når det gjeld meg sjølv har eg heile tida uttrykt skepsis til reforma, både i valkampen og i andre samanhenger, seier Kvåle.
- Må akseptera at folk har ulike oppfatningar
Éin av tinga Søviknes reagerte mest på, var at han fekk vita om Fusa Ap sitt standpunkt gjennom «Os og Fusaposten», og ikkje då han snakka med Atle Kvåle tidlegare på kvelden.
- Eg ringte han i samband med ei anna sak. På det tidspunktet var det ikkje endeleg avgjort kva me ville falla ned på. Eg uttrykkte sterk skepsis til reforma, men sa samstundes at eg ikkje kunne forskottera noko, seier Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa-ordføraren fortel at han har gjort den jobben som måtte gjerast i samband med reforma. Han meiner prosessen har vore god, og at dei tre kommunane har lagt ein grei intensjonsavtale. Konklusjonen på Fusa Ap sitt gruppemøte i går vart likevel at partiet ønskjer å halda fram som før, altså som ein eigen kommune.
- Vi har fått signal frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti på at dei ønskjer det same, seier Kvåle.
Vidare seier han at Fusa kommune alltid har hatt eit godt samarbeid med kommunane rundt seg, og at han vonar at det samarbeidet kan halda fram.
- Kommunereforma er ei krevjande sak, og ein må akseptera at folk har ulike oppfatningar av saka, seier Kvåle.
Mindre pengar
Ordføraren vedgår at det vert tøft for Fusa å mista 3,1 mill. kroner i inntekter, som følgje av det nye inntektssystemet. Men, trass ein alt pressa kommuneøkonomi, meiner han at situasjonen er handterbar.
- 3,1 mill. kroner høyres mykje ut, men vi må ha ein grundig gjennomgang av økonomien og sjå om vi bruker ressursane våre på rett måte. Ja, det vert ei utfordring, men det er ikkje umogleg, seier Kvåle.