- Ein treng næring for å fungera. Og så gjer det noko med oss når me et i lag, seier rektor Maylin Torgilstveit om det populære frukosttiltilbodet.
- Ein treng næring for å fungera. Og så gjer det noko med oss når me et i lag, seier rektor Maylin Torgilstveit om det populære frukosttiltilbodet.

Ei investering i læring

Skulefrukosten ved Fusa ungdomsskule blir kvar dag brukt av 90 til 100 elevar. - Eg er verkeleg stolt av dette tilbodet, fortel rektor Maylin Torgilstveit.

I første friminuttet frå 09.15 til 09.35 er det skulefrukost.

- Dette var ei av hjartesakene til Ragnar (Hauge, tidlegare rektor). Ha sa at "om elevane ikkje er mette, kan dei heller ikkje læra". Dette er noko ungdomsskulen har satsa på gjennom mange år. Det er ei investering i læring og trivsel. Ein treng næring for å fungera. Og så gjer det noko med oss når me et i lag, meiner Torgilstveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fram til no har tilbodet vore gratis. I år er det sendt ut brev til dei føresette. Å ha om lag 100 av 190 elevar i kosten er ikkje gratis.

- Det kostar om lag 2900 kroner i året om ein vil ha frukost kvar dag. Dei som vil, kan betala for så mange dagar dei vil. Men ordninga er basert på tillit og ingen blir viste bort, seier rektoren.

Det er klart pengane skal takast frå ein plass, og som alt anna er det snakk om prioritering.

Anders Bondevik (10 C) frå Baldersheim var ein av dei som koste seg med skulefrukost.
Anders Bondevik (10 C) frå Baldersheim var ein av dei som koste seg med skulefrukost.
- Elevane våre er ein flott gjeng, fortel Olga Derkach og Trude Helland som hadde det store overblikket med frukosten då me var innom.
- Elevane våre er ein flott gjeng, fortel Olga Derkach og Trude Helland som hadde det store overblikket med frukosten då me var innom.
I løpet av ei veke går det med om lag 25 brød, 10 pakkar knekkebrød, 5 - 6 ostar, 25 pakkar fårepølse, 5 agurkar, 5 pakkar skinke og 4 glas syltetøy.
I løpet av ei veke går det med om lag 25 brød, 10 pakkar knekkebrød, 5 - 6 ostar, 25 pakkar fårepølse, 5 agurkar, 5 pakkar skinke og 4 glas syltetøy.

- Det hjelper ikkje med det siste nye i skulebøker om elevane ikkje har energi nok til å fokusera, meiner Torgilstveit.

Gåve til SU

Eitt av argumenta for at skulefrukosten er viktig, er at mange må opp tidleg og må sitja lenge på bussen. Fusa er som kjent ein langstrekt kommune.

- Eit spørsmål er kva ansvar skulen har for om ungane er mette, spør rektoren retorisk. Men det er no ein gong eit faktum at ein del elevar reiser på skulen etter at foreldra har reist på jobb.

SU (samarbeidsutvalet) har bestemt at foreldrebetaling skal vera frivillig. Etter lova kan ikkje skulen påleggja dette. I praksis blir betalinga gitt som gåve til SU, som gir pengane vidare som gåve til skulen.

- Med denne ordninga kan elevane også smørja seg matpakke til lønsj. Eg trur foreldra ser kor godt dette tilbodet er, seier Torgilstveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stille før stormen

I kafeteriaen på Eikelandsfjorden samfunnshus er det stille før stormen. Så kjem dei første elevane småspringande, svingar rundt enden på langbordet som er buffet, og forsyner seg. På minutt er lokalet fylt opp. Damene som styrer ståket snik seg inn og ut av det organiserte kaoset for å fylla på serveringsfata.

Anders Bondevik (10 C) frå Baldersheim var ein av dei som tok for seg.

- Eg synest dette er bra fordi det er god mat. Og så er det viktig å få i seg nok næring til ein lang skuledag.

Sjølv har han om lag 40 minutt skuleveg om morgonen. Det hender det går i "putlo" med maten i morgontimane.

- Og så er damene som lagar til veldig greie. Av og til har dei muffins óg, seier Bondevik.

Læraren Ove Karlson hadde inspeksjon og slurpa kaffi.

- Dette her er no ei glanspapirhistorie. Eg berre sjekkar at dei står rett veg i kø, seier han og smiler lurt.

- Og det ligg ikkje att noko etter dei. Er du på ei ferje er det reine marerittet, men her er det heilt strøkent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det må føyast til at Karlson er ein røynd ferjebrukar, i hovudsak frå ferjesambandet Larsnes - Kvamsøy i Sande kommune.

Strigla

Og ferjemannen hadde rett. Bortsett frå ein klatt smør (som underteikna sette seg i), var det ganske så strigla. Olga Derkach og Trude Helland gjekk over borda med tørkekluten.

- Elevane våre er ein flott gjeng, fortel dei.

I løpet av ei veke går det med om lag 25 brød, 10 pakkar knekkebrød, 5 - 6 ostar, 25 pakkar fårepølse, 5 agurkar, 5 pakkar skinke og 4 glas syltetøy. Berre for å nemna det grøvste.

- Berre me ikkje byter om på kor skinka og osten står, så går det stort sett greitt, seier Helland.

Av flytande føde er det mjølk og vatn, kaffi til Annbjørg Helland (mor til Trude) som kjem innom for selskapet si skuld eller til vaktmeister Knut Bolstad kjem innom for ein kopp.

Faste plassar

Alle klassane har sine faste plassar. Og om til dømes 10. klassen er på tur, er det ingen som sit seg ved bordet deira.

Frukosten er så fort ferdig at det ikkje er tid til noko slinger i valsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om det ligg att fruktbitar på golvet, blir det ikkje frukt på ei veke, fortel Derkach.

Begge damen har vasking som primæroppgåve.

- Eg liker jobben min, men å få driva med skulefrukosten, det er verkeleg ein bonus, avsluttar Helland.