Diskuterte tropisk hage til 20 mill.
Politikarane diskuterte berre så vidt om den tropiske hagen til 20 mill. kroner var verd pengane, før dei vedtok å byggja han og det nye Luranetunet.
Det nye Luranetunet har alt vakt merksemd langt utover dei kommunale grensene med sitt nyskapande konsept, og vert av ordførar Terje Søviknes omtalt som Noregs flottaste omsorgssenter før spaden er sett i jorda.
Utfordra Arbeiderpartiet
I kommunestyret utfordra Espen Aspenes (Frp) Arbeidarpartiet på om dei verkeleg ville gje si støtte til bygget. I den nyss overståtte valkampen sa dei nemleg at tropehagen var "kjekt å ha", men ikkje naudsynt å ha. Dette i lys av ein debatt om kommunens stadig veksande gjeld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Harald Døsen (Ap) vedgjekk at dei hadde stilt dette spørsmålet, og følgde opp med eit eige spørsmål til prosjektsjef Tor Inge Døsen.
- Kva vil ein slik tropehage kosta i investering og i drift? Det har ikkje kome fram.
- Eg tippar at ein ferdig planta tropehage kostar mellom 20 og 25 mill. kroner isolert sett. Kva det vil kosta å driva han har eg ikkje rekna på. Men byggjet sett under eitt - med geovarme om vinteren og tilsvarande nedkjøling om sommaren - vil vera eit effektiv bygg energimessig sett, svarte Døsen.
Den gamle sjukeheimens skjebne
Eit luksusproblem som må finna si løysing om nokre år, er kva som skal skje med den gamle sjukeheimen. Kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, sa at dei hadde konkludert med at han ikkje må rivast. Bygningskroppen er i god stand og dei har fleire idéar til bruken.
- Ein ide kan vera å ha eit helsehus der, altså ei samling av spesialistfunksjonar i kommunen. Elles har me også Open omsorg, som treng eit skikkeleg lokale med garderobar. Det er noko me ikkje har ei løysing på i dag, sa Borge.
Auka driftskostnad må fasast inn
Den nye sjukeheimen med sine nesten 100 nye institusjonsplassar skal byggjast i løpet av eit par år. Men alle dei 96 nye plassane skal ikkje takast i bruk straks, men fasast inn i løpet av fireårsperiode 2017-2020. I 2020 vil den auka driftskostnaden vera på 34,4 mill. kroner i følgje eit reknestykke som vart lagt fram for politikarane i går.
- Kommunen vil betre greia dette økonomiske løftet ved å ta det gradvis. Samtidig vil me spara inn att noko av kostnaden på sparte vikarkostnader, sa Nils-Petter Borge.
Deretter vart bygginga av Luranetunet vedteke av eit samrøystes kommunestyre.