Overvelda av frammøte
Osingane møtte opp i hopetal for å få med seg opninga av Arne Mælands første Oseana-utstilling.
Hovudpersonen sjølv var overvelda av oppmøtet. Smått humoristisk gav han oss dette spontane sitatet:
- Eg trudde det vill koma fire frå Os, tre frå Bergen og kanskje eit par frå Etne, humra Os-kunstnaren i det stima rundt han i Griegsamlinga i Oseana.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, vet du: Dette var fenomenalt. Eg er overvelda og set umåteleg pris på at så mange kjem for å vera med på denne opninga, smilte Arne.
Musikken og livet
Utstillinga hans i Galleri Hvelvet skal stå fram til torsdag 17. desember.
- Det blir ikkje så lenge, men det er stas nok. Det å stilla ut andre plassar i Os enn i eiga galleri er jo litt flott, då. Eg må vedgå det, seier han.
Utstillinga tel 34 arbeid. Skulpturane er omtrentleg dei same som han har hatt utstilt i Grieghallen i Bergen det siste året i samband med Bergen Filharmoniske orkester sitt 250 års-jubileum.
- Det handlar om musikken - musikken gjennom livet, familiene og livsseglasen, fortel Arne.
På spørsmål om utstillinga kan sjåast på som ein vidareføring av arbeidt med «Livet, leiken og draumane» som står på kaien i Solheimsviken, får eg stadfestande nikk.
- Ja, det kan du seia. Det er litt denne livsseglasen og musikken som følgjer oss gjennom den eg har hatt i tankane, seier han.
Staseleg opning
Under opninga fekk dei frammøtte servert alkoholfritt eplecider og canapeer. Fingermaten heldt i lange banar, men stolar var det verre med.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me hadde sett fram 100 stoler. Det ser ut til at me ryker på det, seier Ole Tobias Lindeberg.
Truleg burde han hatt eit par hundre til. «Os og Fusaposten» og Midtsiden vart samde om at minst 250 var komne for å få med seg happeningen.
Før utstillinga vart offisielt opna fekk Arne og gjestene eit særs velkoment musikalsk innslag ved ei gamal kjenning av kunstnaren.
- Me har vore så heldig å få Sonoko Miriam Shimano Welde til å spela for oss. Det er utruleg stas, kviskra Arne før den talentfulle fiolinisten som han tidlegare har laga skulptur tok oss gjennom nokre herlege musikksnuttar av Bach og Tchaikovsky.