Når Os kyrkjelyd startar språkkafe i Kyrkjetunet måndag, blir det høve til å læra bort og læra seg betre norsk over ein kopp kaffi. (Illustrasjonsfoto)
Når Os kyrkjelyd startar språkkafe i Kyrkjetunet måndag, blir det høve til å læra bort og læra seg betre norsk over ein kopp kaffi. (Illustrasjonsfoto)

Lærer norsk mellom vaflane

Vil du læra andre å snakka betra norsk? Eller sjølv læra meir? Måndag inviterer Os kyrkjelyd til sin første språkkafé.

Språkkafeen er eit gratis tilbod og vil halda til i Kyrkjetunet anna kvar måndag. Førstkomande måndag, 8. februar, er første gong.

Dette skal vera ein internasjonal møtestad med fokus på å øva seg på å snakka og forstå det norske språket.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Språkkafeen er for dei som ønskjer å øva på å snakka betre norsk, og den er for dei som vil hjelpa andre til å snakka betre norsk. Her øver vi på å snakka og forstå språket vi bruker i kvardagen, skriv diakon i Os kyrkjelyd, Jannike Gangstø Rogne, i ein e-post til lokalavisa.

Det blir enkel servering med kaffi, te, saft og vaflar.

Kyrkjelyden ønskjer velkomen både dei som vil bli betre til å snakka norsk og dei som vil hjelpa andre til å læra meir.