Sigurd Sandmo vert gratulert av Terje Søviknes. I bakgrunnen Ove Trellevik (H), kulturminister Linda Hofstad Helleland og KODE-direktør Karin Hindsbo.
Sigurd Sandmo vert gratulert av Terje Søviknes. I bakgrunnen Ove Trellevik (H), kulturminister Linda Hofstad Helleland og KODE-direktør Karin Hindsbo.

Løyvde 15 millionar til ny Lysøen-båt

- Kan du gjenta summen ein gong til, det er knapt til å tru, sa KODE-direktør Karin Hindsbo då kulturminister Linda Hofsad Helland stakk innom Buena kai med gode nyhende tysdag.

Det tok si tid før ho kom, men når kulturministeren endeleg steig ut av bilen og tok ordet på Buena kai, var det med svært så gode nyhende.

- Regjeringa har valt å bruka pengar på ein ny båt til eit svært viktig kulturminne, nemleg Lysøen. Me set av 15 millionar kroner til prosjektet, sa kulturministeren til ein gledeleg, positivt sjokkert forsamling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pilot-prosjekt frå DNV

I minutta før kulturministeren kom var det fleire på kaien som hadde ei aning om kva ærend Helleland ville koma til Lysefjorden i.

- Eg ønskjer ikkje føregripa hendinga, men me håpar jo det har noko med prosjektet vårt med å få finansiert ein ny båt som kan gå til og frå Lysøen, sa osing og KODE-direktør for komponistheimane Siljestølen, Trollhaugen og Lysøen, Sigurd Sandmo.

Han har leia arbeidet med å få på plass ein ny båt i litt over eitt år.

Gustav Bahus, Karin Hindsbo og Sigurd Sandmo var spente då dei venta på kulturministeren på Buena kai tysdag.
Gustav Bahus, Karin Hindsbo og Sigurd Sandmo var spente då dei venta på kulturministeren på Buena kai tysdag.

- Me var så heldige at me fekk Den Norske Veritas (DNV) til å laga eit pilotprosjekt for oss. Her snakkar me om ein båt som kan ta kring 50 passasjerar, som skal kunna førast av èin person og som skal drivast på miljøvenleg vis, truleg elmotor. Prosjektet er rekna til å kosta kring 22 millionar kroner, fortel Sandmo.

Langt på veg

Sandmos sjef, Karin Hindsbo, konkretiserte forventingane.

- Om det no er båtprosjektet kulturministeren kjem for å fortelja at dei vil støtta, så er me jo veldig spente på i kva storleik dei vil støtta oss. Ein million er ein byrjing, fem millionar ville vore fantastisk, smilte Hindsbo.

Knappe fem minutt etterpå var det som om KODE-direktøren knapt trudde kva ho høyrde.

- 15 millionar, jubla Hindsbo, Sandmo og kommunikasjonssef i KODE, Erik Kydland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heller ikkje kommunens representant i Lysøens Venner, Gustav Bahus, eller ordførar Terje Søviknes, såg ut til at dei hadde venta eit løyve i denne storleiksordenen.

- Kan du seia talet ein gong til. Det var så herleg å høyra, jubla dansktalande Hindsbo.

Helleland var ikkje vond å be.

- 15 millionar kroner løyver me. Lysøen er ein av verdas mest fotograferte kulturminne. Det er klart at me må gjera vårt for at plassen vert tilgjengeleg for lokale vitjarar og turistar, sa Helleland.

Må rusta opp kaien

Ordførar Terje Søviknes var sjølvsagt glad for lovnaden frå kulturministeren, men vedgjekk at støtta inneber ei viss form for bidrag frå kommunen.

- No er det ikkje sagt noko konkret om det, men eg ser det som naturleg at kommunen bidreg med å rusta opp kaianlegget til båten vert levert klar for innsats, sa Søviknes.