Nytt kurs i ølbrygging
Lyst til å læra og laga øl? 16. april arrangerer Oseana Ølfestival nybegynnarkurs i heimebrygging.
Oseana ølfestival går inn i sitt andre år. Og i år som i fjor, blir det kurs i ølbrygging. 16. april kjem Birger Storaas, dagleg leiar hos Vestbrygg AS, for å halda kurs.
- Dette er eit nybegynnarkurs, men kan høva like godt for deg som har brygga litt frå før, seier arrangementssjef i Oseana, Berit Steen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at nivået vert tilpassa deltakarane si erfaring. Det er heller ingen krav til forkunnskapar. Det einaste du treng er lyst til å finna ut meir om prosessen rundt ølbrygging.
I fylgje kurshaldar Storaas er målet at ein sjølv skal kunna prøva å brygga på eiga hand, og få ei god forståing av prosessen.
Øl heile året?
Sjølve ølfestivalen og heimebryggar-konkurranse i samband med denne, går av stabelen i juni.
Berit Steen er likevel svært nøgd med at det skjer noko på øl-fronten ellers også.
- Kanskje vi kan få til aktivitet året rundt i samband med dette. Interessa er der jo tydelegvis, seier ho og oppmodar gryande bryggeentusiastar om å vera tidleg ute.
- Vi har berre 25 plassar, så her kan det vere lurt å vere tidleg ute. I fjor vart kurset fullteikna på kort tid, og vi måtte avvise mange, seier ho og legg til at Oseana berre tek i mot skriftlege påmeldingar per e-post.