Eksotisk julereise med Borg
Det vart eksotisk, det vart storslagent og ikkje minst - det vart julestemning med framsyninga «Fjøsnissen Borg drar»
I fjor okka og bar han seg over den skrantane omtanken frå gardsfolket i Os. I årets episode fekk fjøsnissen Borg seg ein heisatur ut i vie verden.
Fin ferd
Fjøsnissen Borg viste seg for første gong "offentleg" i samband med stykket «Fjøsnissen Borg» på Oseana i fjor. Onsdag kveld var han tilbake, lunefult og "rappkjefta" spelt av Otto Hægland, på veg mot nye eventyr...langt, langt borte frå Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er lærar ved Os kulturskule, Jon Søfteland Sæbø, som har skapt erkenissen frå Os. Multimusikaren har også skrive all tekst og musikk (bortsett frå dei innlagde julesongane).
- Me har mykje skapande kraft og kreative folk blant dei tilsette ved kulturskulen. Dette stykket viser at Jon Søfteland Sæbø har mange gode kunstneriske evne, skrytte rektor ved Os kulturskule, Christian Breistein før framsyninga.
Flykta frå fordommar
Ved hjelp av Frøydis Flotve og Veronika Flotve, som hadde ansvaret for regien, var det ein flott samansydd julehistorie me vart presentert.
Den fjonge fjøsnissen vert jaga frå Kvamskogen via Eikelandsosen til ein båt på Venjaneset. Alle er så ugjestmilde, alle vil ta han fordi han er annleis.
På Venjaneset går Borg om bord i ein båt, legg seg fint til å sova, og vert køyrd langt av garde.
- Eg fekk ikkje julegrauten mi. Det er difor eg er ute og reiser. Eg jaktar på julestemninga, antyder Borg seinare i stykket.
Draumar heim
Takk vere nær hundre born frå Os kulturskule og Os barne- og ungdsomsteater på Haugland er det rikeleg med statistar, eller skal me heller seia, mini hovudrolle-innehavarar, på ferda.
Borg får med seg flamencodans i Spania, okseløp i Pamplona og eksotisk dans i India.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innimellom drøymer han seg heim til Os og Borgafjellet og høyrer for seg julesong frå barnekor, hornblås frå Os Musikkforening, og anna han elles ville forbinda med jula på denne årstida.
Flotte tablå
Alle innslaga er flott koreografert med mjuk lyssetting til det snøaktige tablået i bakgrunnen.
I India treffer han ei ung jente, spelt av Mira Færøy. Ho bestemmer seg for å følgja Borg til fjella for å visa han snøen.
Lite veit dei to om at dei i Nepal vil møta folk i ein landsby som nær har mista alt i eit ras.
- Me har ikkje mykje å tilby, men de kan få vera med og byggja opp landsbyen vår, seier kvinna som dei møter, spelt av Gina Aspenes.
Endeleg "heime"
Der og då finn gamle Borg jule-lukka. Der og då finn han ut kva det var han leitte etter. Han ville møta nokon som trong han, og som han sjølv kunne vera til nytta for.
Deretter vert det invitert til storslagen middag og ein harmonisk og flott oppbygd avslutningssong, der alle medverkande stemmer i.
Etter framsyninga vil applausen frå publikum ingen ende ta.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så så, me skal spela fleire gonger i kveld. Det held no. Dessutan er det handballkamp i kveld, avslutta Otto Hægland.