20 maskinistar frå BIR Avfallsenergi blir tekne ut i streik frå fredag om ikkje partane kjem til semje. Det betyr at energianlegget kan ta imot restavfall på fredag, men frå neste veke blir det stopp.
20 maskinistar frå BIR Avfallsenergi blir tekne ut i streik frå fredag om ikkje partane kjem til semje. Det betyr at energianlegget kan ta imot restavfall på fredag, men frå neste veke blir det stopp.

Kan bli stopp i bos-innsamling

Dersom KS Bedrift og arbeidstakarorganisasjonane ikkje vert samde, kan det frå måndag det bli stopp i innsamlinga av restavfall.

Det opplyser BIR i ei pressemelding.

20 maskinistar frå BIR Avfallsenergi blir tekne ut i streik frå fredag om ikkje partane kjem til semje. Det betyr at energianlegget kan ta imot restavfall på fredag, men frå neste veke blir det stopp. Det vil ramma både hushaldningskundar og næringskundar, opplysar kommunikasjonssjef Mette Nygård Havre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- BIRs gjenvinningsstasjonar vil ta imot restavfall på fredag, men frå laurdag er det stopp også der. Hugs at organisk avfall uansett ikkje skal leverast til våre gjenvinningsstasjonar, seier Nygård Havre.

Alle andre avfallstypar enn restavfall kan leverast som før, både til returpunkt, gjenvinningsstasjonar og eigne spann for papir og sekk med plastemballasje.

- Veldig mange BIR-kundar er gode kjeldesorterarar som ikkje set ut restavfallsspannet kvar veke. Vi oppfordrar no til endå meir kjeldesortering og oppbevaring av restavfall heime. Skulle det bli streik, så får kundane våre setja ut ein ekstra bossekk saman med restavfallsspannet etter streiken, kommenterer Nygård Havre.