Parallelt med at skulane i Os no etablerer eit omfattande prosjekt knytt til leseopplæringa i skulane, ynskjer vi å sjå på ytterlegare tiltak knytt til læringsmiljøa ved skulane, og korleis vi best kan fanga opp dei borna som slit.
Parallelt med at skulane i Os no etablerer eit omfattande prosjekt knytt til leseopplæringa i skulane, ynskjer vi å sjå på ytterlegare tiltak knytt til læringsmiljøa ved skulane, og korleis vi best kan fanga opp dei borna som slit.

Vi har tru på det vi har starta!

Os Frp er klar til å halda fram det målretta arbeidet med kvalitet i skular og barnehagar. Prosjekt Betre læringsresultat vil bli vidareutvikla i neste fireårsperiode om vi får fornya tillit, skriv Eirik André Hesthamar i dette lesarbrevet.

LESARBREV: I 2013 starta vi Prosjekt Betre Læringsresultat for å setja fokus på korleis vi kunne betra resultata i skulane i Os. Prosjektet hadde sitt utspring i det som vart opplevd som for dårlege resultat på Nasjonale prøvar for 5. klassane i Os. To år er gått, og vi har lært mykje, gjort noko, og har mykje meir vi vil ha gjort!

Som leiar i styringsgruppa for Prosjekt Betre Læringsresultat har eg vore så heldig at eg har fått følgt prosjektet på nært hald. Eg har delteke på alle felles planleggingsdagar for skulane i Os, og har halde innlegg for dei tilsette for å synleggjera kva den politiske visjonen for prosjektet er. Det har så langt vore ei spennande og særs lærerik reise som eg håpar kan halda fram i mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit omfattande prosjekt som dette krev langsiktig og målretta arbeid, noko vi i Frp har vore tydelege på frå starten. Å finna mangfaldige millionar til alle ønskte tiltak frå eit år til det neste vert utopi, så vi lyt flytta ressursane gradvis inn der vi vil ha dei. Dette arbeidet har vi alt starta gjennom ei rekkje målretta løyvingar til delmål i prosjektet dei siste åra.

Fokus på tidleg innsats står sentralt i desse fyrste delmåla, og vi har her løyvd pengar til fleire lærarar på 1. trinn, starta innføring av Leselos for å styrkja leseopplæringa i skulane, samt styrkja arbeidet med det psykososiale læringsmiljøet i barnehagane gjennom programmet De Utrolige Årene (DUÅ). Vi har også løyvd 5,5 millionar for å sikra at alle skulane har gode digitale hjelpemiddel og tilfredstillande fasilitetar til å yta god læring.

Men vi har mykje meir vi ynskjer å få gjort. Parallelt med at skulane i Os no etablerer eit omfattande prosjekt knytt til leseopplæringa i skulane, ynskjer vi å sjå på ytterlegare tiltak knytt til læringsmiljøa ved skulane, og korleis vi best kan fanga opp dei borna som slit. Etablering av eit meistringsteam også i barneskulen ser vi på som ei mogeleg tilnærming til denne utfordringa.

I Os er vi glade for at vi har 18 barnehagar, 10 grunnskular og 2 ungdomsskular som alle strekkjer seg langt kvar dag for at våre born skal få det fundamentet som dei treng for å klara seg her i verda.

Då skal sjølvsagt vi som politikarar også strekkja oss langt for å leggja best mogeleg til rette for at barnehagane og skulane i Os har verkty og mannskap til å få dette til!

Os Frp er klar til å halda fram det målretta arbeidet med kvalitet i skular og barnehagar. Prosjekt Betre læringsresultat vil bli vidareutvikla i neste fireårsperiode om vi får fornya tillit. Vi satsar på oppvekstmiljøet til barn og unge i Os! Dei er framtida vår - godt val!

Å finna mangfaldige millionar til alle ønskte tiltak frå eit år til det neste vert utopi, så vi lyt flytta ressursane gradvis inn der vi vil ha dei.

Eirik André Hesthamar

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar Tenesteutvalet

Os Frp