Bil på taket

Politiet fekk i dag tidleg melding om ein bil som låg på taket delvis i grøfta, delvis i vegbanen på Lepsøyvegen.

Vakthavande ved operasjonssentralen fortel at det ikkje var nokon ved bilen då patruljen kom til staden. Airbagane var utløyste, og vitne fortel at dei har sett ein eller to personar som skal ha blitt plukka av ein annan bil etter uhellet.

Politiet veit per no ikkje noko meir om hendingsforløpe eller kven som køyrde bilen. Bilen er no fjerna av Falck, og det er oppretta sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vakthavande fortel elles om ei roleg nyttårsfeiring i Os og Fusa så langt dei kjenner til, med nokre oppdrag knytt til helse, og ingenting 'fyrverkeri-relatert'.