Strålande flott vintervêr veka ut
Osing og meteorolog Frode Hassel lovar kaldt, men flott vintervêr ut vinterferieveka.
– Då eg køyrde frå Os i dag tidleg, var det 10 minusgradar då eg passerte Søfteland. Utover i veka reknar me med at det vil bli endå nokre gradar kaldare, men dette tilseier også at det framleis blir klarvêr og sol, seier Frode Hassel.
Han legg til at ettersom me no snart er i mars månad, så vil også sola varma litt på dagtid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir nok leveleg for aktivitet på dagtid. Kaldast vert det om nettene. Natt til torsdag får me kanskje opp mot 15 minus-gradar i kalde område kring Os og Fusa, seier Hassel.
Vind i fjellet
Meteorologen trur det fine, kalde vintervêret vil vara ut veka. Snø blir det ikkje noko meir av.
– Nei, det føler me oss ganske trygge på. Slik me ser det, kjem det ikkje nye nedbørsmengder over området før neste tysdag, seier meteorologen.
For dei som er glade i å stå på ski i nærliggjande område som Kvamskogen og Voss, rådar han folk til å kle seg godt.
– I slutten av veka blir det ein del vind i høgfjellet. Kanskje opp mot kuling. Når det i tillegg er mange minusgradar, kan slik vind piska godt i kinna. Då kan det løna seg å ha godt med hovudplagg, rådar meteorolog Hassel.
Strålande forhold i Eikedalen
Frå Eikedalen skisenter rapporterer Jan Petter Svendal om strålande forhold. Osingen jobbar som informasjonsmedarbeidar for senteret, og kan knapt hugsa ein like fin sesong som den me er inne i no.
– Me opna her alt 2. desember. Sidan har me hatt tre månader med full trøkk. På det meste har me hatt 3.000 besøkande på ein dag. Det hadde me midt i januar. Det seier litt, seier Svendal.
Tysdag var det ein god del færre i løypene. I alle høve då Os og Fusaposten prata med han i elleve-tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kan tenkja meg det er kring 1.200 her no. Det sig jamt på, men med kapasiteten på senteret blir det ikkje særleg kø, seier Svendal.
– Kulden då. Merkar ein noko til den?
– Ja, det er kaldt i skyggen, men i sola er det fint. Ho varmar ganske bra, sjølv om me endå ikkje er komne til mars.
– Korleis er løypeforholda?
– Heilt supre. Det kom 12 cm snø natt til i går, så det har gjort godt for dei preppa løypene. I tillegg er det framleis nokre striper med laussnø som me kan kosa oss i, konstaterer Svendal.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no