Ligg an til opprykksboom
Alle dei lokale laga er med og kjempar i toppen i sine respektive avdelingar. Alt til helga kan to av laga sikra opprykk.
Søfteland opna sesongen med berre eitt poeng på to kampar. Sidan har dei ikkje sett seg tilbake. Måndag vann dei 2-1 over Fri som ligg på andreplass. Det var den 13 sigeren i rekkja. Ramo Racic og Dani Bergstø stod for måla.
- Det står at fire kampar. Om me vinn ein, så er me sikra opprykk, seier Søfteland-spiss Racic.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdag klokka 13.00 er første sjansen til å sikra opprykket. Då spelar dei borte mot Viggo på Nymark.
- Me slappar ikkje av før me er sikra opprykk, og sjølv då har me ambisjonar om å vinna dei resterande kampane. Det hadde vore fint å avslutta sesongen med 17 sigrar på rad, seier Racic.
Kan rykka opp fredag
Måndag vann Nore Neset sin ellevte av dei tolv siste kampane, då dei slo Fri 4-1 borte. Måla kom frå Anders Kinden, Alexander Thuen, Aleksander Lindkvist og Remy Snilstveit. Tre av måla kom altså frå spelarar som vart signert i sommar.
- Det er ikkje feil å seia at dei har slått til. Thuen har vore fantastisk etter at han kom tilbake, og Kinden har vore tilsvarande god etter at han kom inn i laget. I går var det Lindkvist som imponerte mest av dei tre, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.
Håpar på publikum i hopetal
Sigeren over Fri gjer at dei blå kan sikra opprykk til 5.divisjon heime mot NHH 3 fredag klokka 18.00.
- Då håper me publikum stiller i hopetal. Dei tre siste kampane har me tre tøffe motstandarar, og me tek ikkje opprykket på forskot, seier han.
- Men no skal det mykje til for at de ikkje skal klara det?
- Ja, men me skal berre tapa tre fotballkampar, samstundes som eit av dei andre topplaga vinn alle sine. Me må vinna ein kamp til for å vera sikre, seier Sælensminde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Går for kvalikkplassen
Eikelandsfjorden var også i aksjon måndag. Dei køyrde over Odda 2 på Odda stadion, og vann til slutt 7-2. Heimelaget stilte med fem spelarar frå førstelaget, som tevlar i 2. divisjon.
- Det var surrealistisk å sjå på, seier Eikelandsfjorden-trenar Knut Hjertnes og held fram:
- Me leia 4-0 i førsteomgang, før dei reduserte rett før og rett etter pause. Då starte me å tenkja litt, og frykta for sigeren, men då me auka til 5-2, gjekk lufta ut av dei, seier han.
Rota det til
Petter Teige Nes stod for heile fire mål, Stian Håvik skåra to, og Remi Osebakken omsette eit straffespark i mål. Eikelandsfjorden ligg på fjerdeplass, fem poeng bak Øystese 2 på førsteplass, og to poeng bak Trane som ligg på kvalifiseringsplassen.
- Me rota det litt til for oss sjølve med eit surt bortetap for Øystese 2 og uavgjort mot Tertnes, men no har me fått trua att. Vinn me resten, så bør me hamna på kvalikk-plassen, seier Hjertnes.
Fleire opprykkskandidatar
Søndag vann Os 2 7-0 borte mot Dale, og ser ut til å hamna på andreplass. Det er to lag som rykkjer opp til 4. divisjon, og fire kampar før slutt ligg dei på 2. plass, med fire poeng ned til Dale på 3. plass. Anders Havsgård skåra tre, Egil Thuen to, og Vegard Hjelle og Ådne Onarheim skåra kvar sitt i kampen mot Dale.
Os/Nore Neset-damene kan også sikra seg opprykk, men dei er avhengige av at Åsane 2 og Bønes, som ligg framfor dei, avgjer poeng. Os har to kampar att å spela, og ligg tre poeng bak Åsane 2, som har tre kampar att.
Slagkraftig lag
Nore Neset 2 ligg på 2. plass i 7. divisjon avdeling 2 fire rundar før slutt. Dei har seks poeng opp til Bjarg 3, og tre poeng ned til Vadmyra 2. Held dei andreplassen, skal dei ut i kvalifisering om opprykk. Der kan dei stilla med eit slagkraftig lag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me kan bruka førstelagsspelarar som har spelt ein tredjedel av kampane for andrelaget. Dette er noko me har vore klare over heile sesongen, og difor er dei fleste førstelagsspelarane klare for ein eventuell kvalikkamp for andrelaget, seier Sælensminde.