Det blei 16 år i Fusa for Sigrun Loven Skår og Steinar Skår. No går reisa austover.
Det blei 16 år i Fusa for Sigrun Loven Skår og Steinar Skår. No går reisa austover.

Sigrun og Steinar reiser

Etter 16 år i Fusa seier ekteparet Sigrun Loven Skår og Steinar Skår takk for seg og flyttar austover att - til Geilo. - Men me flyttar ikkje fordi me ikkje har likt oss, forsikrar Sigrun.

Me svingar inn på tunet med dei kvite husa i skyminga. Ved eitt av uthusa, der Gjest Bårdsen skal ha site og grubla, står Steinar og Sigrun ved ei trillebår full av avdanka lærebøker som skal kastast. Sidan det snart er mørkt, går me inn i hovudhuset. I gangen står det kassar og ein utstoppa rev, eit hjortehovud og to små rådyr i keramikk. Når mennesket flyttar ut, flyttar naturen inn, tenkjer underteikna og fell i stavar over dette som kanskje er eit gullkorn.

- Du får intervjua Steinar, eg har ikkje sett spor etter meg, seier Sigrun og fer ut på kjøkenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men du har no budd her du óg?

- Budd her, ja, seier Sigrun.

70

Hovudårsaka til at dei no reiser, er at dottera i Bergen og mannen hennar bestemte seg for å flytta frå Bergen til Ål for at ungane skal få veksa opp der dei sjølve hadde sin barndom. Der bur allereie den eldste av sønene, den yngste bur i Oslo.

- Når ingen av ungane kunne tenkja seg å overta og me nærmar oss 70 år, så må me ta eit val, sjølv om me likar oss godt her, seier Steinar.

Brann i løa

Garden Lille Baldersheim har vore i slekta sidan 1700-talet.

- Eg sprang innpå her som gutunge og var med i slåtten og slikt. Det var alltid gutedraumen å busetja seg her, alltid vore ein fantastisk plass. Men så kom eg litt langt ut i odelsrekkja, fortel Steinar.

Bestefaren hadde både butikk og gard. Etter at han gjekk bort tok ein onkel over, som i sin tur selde til ein annan onkel, før Steinar sine foreldre overtok. Løa brann i 1973 og ein ny driftsbygning kom opp tre år etter. Skår overtok i 1987 og flytta inn i 1999.

SV til Hønefoss

Heile livet har han vore tilknytt NSB - Noregs statsbanar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Opphavleg var eg jarnbanetelegrafist før fjernstyringa kom. Me hadde ansvaret for tryggleiken. Dei siste 20 åra arbeidde eg på salsavdelinga med både gods- og persontrafikk, fortel han.

Det har vore ei rivande utvikling. Gjennom dei 44 åra fekk han med seg damplokomotiva - og no er det like før det lettar.

Han har stor tru på framtida for jarnbanen. Om det då blir investert like mykje som det har blitt i andre land, som til dømes Sverige.

- Jarnbane mellom Bergen og Stavanger har vore oppe fleire gonger. Det er mykje bilveg å bruka pengar på i Noreg. Men at det går an, er eg ikkje i tvil om. Det handlar om prioritering og trasear. Eg hugsar korleis det gjekk når dei skulle velja stad for ny hovudflyplass. "Opsethen" tok flyplassen under armen og tok han med seg til Gardermoen. Og så fekk han SV med seg på at ein skulle byggja ny jarnbane mellom Oslo og Hønefoss. Det varte akkurat i 14 dagar, fortel Steinar.

Gang i hjula

Steinar Skår har vore med i tre periodar i kommunestyret i Fusa for Høgre.

- Før kvart val er me kreative og har visjonar. Så kjem kvardagen - og så spring ein rundt i korridorane etter peng´.

Mykje tid har gått med til dei fire planane som kommunen er pliktig til å ha: Samfunnsdelen (festtalane), arealdelen (juridisk bindande), budsjett og økonomiplanen.

- Til dagen blir ein slukt av dette med å få hjula til å gå rundt. Det er veldig frustrerande, meiner høgremannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Maten dykkar!

Her byrjar politikaren å snakka seg varm. Han snakkar om eit fantastisk næringsliv og om reiseliv. Ein burde ha ein marknadsføringsplan og ei fyrtårnsbedrift.

- Ein burde marknadsføra Fusa som ein gjer med andre produkt. Men eg tru det er viktig at det ikkje er folk på Kommunetunet som held på med dette. Kva med eit panoramahotell her på Baldersheim?

Sigrun kjem inn med påsmurde skiver, te og kaffi. Husbonden og underteikna tek seg eit karsleg drag av kvar vår Lucky Strike-sigarett.

- Spesielt her i søre delen treng me noko. Kva med denne tomta borti Too. Men der skulle dei visst laga tømmerkai-?

Han snakkar om panoramahotell og tenkjer seg slagordet: «Sjå Bjørnafjorden i kok». At det ligg eit oppdrettsanlegg utanfor treng heller ikkje vera noko negativt.

- Då kan me seia: Her er maten dykkar.

Bak ein snøskjerm

Sigrun har vore sekretær og pleieassistent på Fusa bu og behandlingssenter. Ein fin kombinasjon.

- Eg er barnefødd i Aurland i Sogn. I fire år budde eg mellom Haugastøl og Finse, og seinare på Haugastøl. Far min var banevaktar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og det er, som kanskje lesaren har mistanke om, jarnbanen som gjorde at dei to trefte kvarandre. Men det tok si tid før dei gjekk på skinner.

- Det gjekk litt lang tid før ho oppdaga meg. Endå eg hadde uniform òg, seier Steinar og høyrest litt bitter ut.

- Eg trur det var trekkspelet som gjorde underverket. Me feira jonsok og han og ein til sat bak ein snøskjerm på Haugastøl og spelte.

Og sidan har dei spelt - i alle høve på lag - først i Oslo der dei trefte kvarandre, sidan Ål og så i Fusa.

Lenge sidan

Sigrun likte godt tida under Kongedømet Fusa då ho var leiar for geheimrådet.

- Det var kjekt og givande, fortel ho.

No er det så langt borte at ein skulle tru det hende på ein annan planet.

Slik sett er stova ute i tunet nærare. Kjerna i stova er frå 1600-talet og kom til garden som medgift frå Sundvor i 1850. Sjølv om andre meiner noko anna, har forfedrane i slekta alltid meint at det var her Gjest Bårdsen sat fast. Ein krampe på veggen skal vera prov på det. Sjølve garden har vore kyrkjegods.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tvil

- Skal de ha sjokolade til røyken, spør Sigrun som ikkje verkar heilt skråsikker på at skivene var oppvarting nok. Men det er det jo.

Og då er me med eitt tilbake i notida og dei harde realitetar dei strir med i lokalpolitikken.

Steinar meiner ein må halda på småskulane så lenge det finst ungar. Då får ein heller auka inntektene. Auka eigedomsskatt er ein liten kamel å svelgja i denne samanhengen.

- Og så byggjer dei idrettshall. Satsa så stort når det ikkje er pengar? Eg tvilar på at ungar frå Lygrepollen kjem til å reisa heilt til Eikelandsosen, seier Sigrun.

Av læring

Steinar hadde seg ein runde i kommunepolitikken i Ål før dei flytta vestover. Sjølv om han var i mot det, vart det til slutt bygd idrettshall etter at symjebassenget var luka bort frå planen.

Her i Fusa har dei folkevalde heilt klart nokre problem å stri med.

-Når representantane sit for lenge, så har dei opparbeidd seg nokre gamle stridsøkser under golvplankane. Og når det spissar seg til, så kjem desse oppatt. Ein diskuterer mykje snøen som fall i fjor. Og då dett eg av lasset. Det seiest at politikken er lærerik, men eg trur somme av dei skulle hatt seg eit avlæringskurs, meiner høgremannen.

Siste tog

Om Sigrun og Steinar ikkje akkurat skal læra seg av med Baldersheim og Fusa, så skal dei i alle høve venja seg av med det. Ute er det blitt mørke kvelden. Skuggane fell bak og over kassar med det som skal takast vare på og det som skal bort.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vestlendingar er kanskje meir direkte enn hallingdølane. Men dei var kanskje lettare å koma i kontakt med, seier Sigrun og Steinar.

- Kanskje det hadde vore lettare om me var yngre og hadde ungar? lurer Sigrun på.

- Me var vel 30 år for gamle då me kom hit, trur Steinar.

Sjølv om garden skal seljast, løyser dei ikkje alle band til bygda om kommunen.

- Me skal halda på hytta oppe ved Svartavatnet. Då får du koma på besøk, seier Sigrun.

- Det får du gjera, seier Steinar, tek seg eit drag og sender ei røyksky som frå eit damplokomotiv ut i rommet.

Jarnbanen gjorde at dei to trefte kvarandre. Men det tok si tid før dei gjekk på skinner.