Mann teken med avsaga hagle på Osøyro terminal
Klokka 1.40 vart ein busspassasjer som bar fleire våpen, pågripen i Os.
Politiet fekk melding om ein væpna mann på 600-bussen rundt kl eitt i natt. Mannen, som er i slutten av 30-åra, sat på bussen mot Os med ei avsaga hagle og andre synlege våpen.
Politiet opplyser at mannen ikkje truga nokon med våpna, men dei valde å rykka ut med fleire bilar til Os. Mannen vart teken kl. 1.40 etter å ha gått av bussen og inn i venterommet på Osøyro terminal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen hadde også knivar, ein softgun og narkotia. Mannen er ein kjenning av politiet, og vart sett i varetekt.
Det var BT som først skreiv om saka.