Namn på den nye kommunen
Pokémon-namnet Fusafjorden er ikkje eit argument mot Bjørnafjorden som namn på den nye kommunen.
I eit innlegg i Os- og Fusaposten 12.09 argumenterer Olav Søfteland for namnet Os og Fusa kommune, og er skeptisk til namnet Bjørnafjorden, eit namn han meiner ville høva om Tysnes vart med i den nye kommunen. I innlegget viser han òg kvifor den nye kommunen eventuelt skal ha same namnet som fjorden, og då Bjørnafjorden.
Argumentet hans mot Bjørnafjorden er Fusafjorden, eit namn som på visse kart strekkjer seg frå Venjaneset og nesten til Tysnes, og som òg femner om Sandholmane. Då NRK, med «Hurtigruta» vitja Osøyro for nokre sumrar sidan, var skipet plotta inn i Fusafjorden. Namnet Fusafjorden vart sett på kartet i 1974.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit faktum at det ikkje er tradisjon for namnet Fusafjorden på denne strekkja. Far min, Sigurd Vindenes, brukte denne fjorden i heile sitt liv, og han hadde aldri høyrt om namnet Fusafjorden. Eg har òg snakka med fleire frå Os om dette, og dei brukar heller ikkje namnet. Så namnet Fusafjorden utanfor Skåte og Vinnes mot Os har aldri blitt nytta av folk som brukar fjorden.
Fusafjorden er bassenget utanfor Fusa kyrkje, mot Hatvik, Boga, Holmefjord og Eikelandsfjorden. Men det merkelege er at her er namnet ikkje markert på kartet.
Framlegget til Olav Søfteland om Os- og Fusa kommune er interessant. Men pokémon-namnet Fusafjorden er ikkje eit argument mot Bjørnafjorden som namn på den nye kommunen.
Terje Vindenes