- Brannøving heime er noko vi ønskjer at alle skal ha. Særleg hos barnefamiliar er det viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon, seier Gunnar Hatlelid i Fusa Brann og redning.
- Brannøving heime er noko vi ønskjer at alle skal ha. Særleg hos barnefamiliar er det viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon, seier Gunnar Hatlelid i Fusa Brann og redning.

Brannvernveka: Oppmodar alle om å ta den viktige brannpraten

54 prosent av alle familiar har ikkje avtalt møtestad ute og elles kva ein skal gjere i tilfelle brann, ifølgje ei ny undersøking.

Branntryggleik i bustader står i fokus når brannvesen over heile landet markerer brannvernveka denne veka og inviterer til open brannstasjon laurdag.

- Ein samtale rundt middagsbordet for å bli einige om møtestad ved brann, kven som skal ta med kva barn og så vidare, er eit enkelt tiltak for å auke tryggleiken heime, seier Anders Rørvik Ellingbø. Han er branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.

Artikkelen held fram under annonsen.

1 av 4 hevdar dei har gjennomført brannøving og prøvd ut rømmingsvegar heime, viser undersøkinga som TNS Gallup nyleg har utført for Norsk brannvernforeining, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If.

- Brannøving heime er noko vi ønskjer at alle skal ha. Særleg hos barnefamiliar er det viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkja klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Gunnar Hatlelid i Fusa Brann og redning.

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforeining, DSB og If i samarbeid med brannvesenet. I Os og Fusa vert det invitert il open dag laurdag.

Open brannstasjon er lagt opp som ein familieaktivitet, der born og vaksne får gode råd om branntryggleik. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleva.

- Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Hatlelid.

jostein@osogfusa.no