Møtepapir låg på nett med fødselsnummer
Steinar Berland undrar på om Fusa kommune har for dårlege rutinar, når fødselsnummer blir delte på nett.
Nyleg kontakta Steinar Berland frå Bogøy Datatilsynet med ønske om at dei kunne følgja opp det at han fann fødselsnummeret sitt på kommunen si heimeside.
Han opplyser at han fann fødselsnummeret sitt i møtepapira til sist kommunestyremøte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nummeret var ein av opplysningane i ei sak om Nore Fusa vekst, som skulle handsamast der.
- Det vart lagt ut eit dokument til den saka med fødselsnummer på fleire personar, seier han.
I ein e-post til Datatilsynet opplyser han at han tok personleg kontakt med kommunen og ba dei sensurera opplysningane. Ei oppmoding som vart følgd.
- Rutinen er å fjerna personnummer
Det var assisterande rådmann Elisabeth Farstad som var sakshandsamar, og som vart kontakta av Berland.
- Det stemmer at han tok kontakt. Vi fjerna opplysningane i løpet av få timar etter at han gjorde oss merksam på saka, seier ho.
Farstad fortel at kommunen sin rutine er å sladda alle personopplysningar. Også personnummer, sjølv om det ikkje er rekna som sensitive opplysningar, men på grunn av overhengande fare for id-tjuveri er det blitt vanleg å luka ut også dei.
- Her har nok dessverre rutinen glippa, seier ho.
Oppdaga fleire gonger
I forrige periode var Berland kommunestyrerepresentant for Høgre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då sat eg i utval for plan og miljø, og oppdaga ved fleire høve at personnummer ikkje var sladda i papira.
Han meiner det ligg mykje ute på kommunen sine heimesider som ikkje burde liggja der.
- Det er offentleggjort fødselsnummer i fleire saksdokument på Fusa kommune sine nettsider. Eg har gjort dei merksam på det utan at noko har skjedd.
Berland stiller i e-posten til datatilsynet spørsmål om kommunen sine rutinar er for dårlege, og viser til eit anna spesifikt dokument som ligg ute med personnummeret til totalt sju personar.
Farstad kjem frå Bergen kommune og tok til i jobben som assisterande rådmann i oktober. Ho presiserer derfor at ho framleis er rimeleg fersk i jobben, og ikkje har full oversikt over alle saker.
- Eg kjenner ikkje til fleire saker, men eg er jo ny, så det at eg ikkje kjenner til dei, betyr sjølvsagt ikkje at han ikkje kan ha rett i at det har skjedd fleire gonger.
Reknar med avviksmelding
Dagen etter e-posten vart sendt til Datatilsynet fekk Berland svar av juridisk konsulent, Endre Waldal i Datatilsynet.
Han takkar for tipset om moglege avvik, men meiner et er behov for ei grundigare vurdering dersom Datatilsynet skal kunne ta stilling til om rutinane til Fusa kommune er for dårlege.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi reknar med det blir sendt avviksmelding frå kommunen til oss dersom det har skjedd ei feilaktig utlevering av personopplysningar, som deretter vil bli følgt opp.
Han opplyser vidare at han legg meldinga i tipsdatabasen deira.
- Slik at vi kan vurdera å følgja han opp på eiga hand dersom det blir behov for det.
Farstad kan bekrefta at ho jobbar med ei avviksmelding.
- Ja, det skal koma ei avviksmelding og den skal Berland få kopi av, slik eg har lovt han.
- Skal ikkje publiserast
- Eit personnummer går ikkje innunder hemmelege eller sensitive opplysningar, men det er informasjon som kan misbrukast. Derfor skal det for eksempel ikkje publiserast i kommunale møtepapir på internett, opplyser kommunikasjonsrådgjevar hos datatilsynet, Trude Talberg Furulund.
Ho kjenner ikkje til den konkrete saka frå Fusa kommune, og snakkar derfor på generelt grunnlag.
- Vi høyrer dessverre om dette innimellom. Ofte har det berre skjedd ein glipp, men dersom det skjer fleire gonger, kan det tyda på dårlege rutinar, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho oppmodar kommunen til å gå gjennom det som har skjedd og få på plass rutinar for at det ikkje skjer igjen, dersom dei ikkje alt har gjort det.
- Eg vil tru det er snakk om ein feil som er skjedd her. Men det er klart at om det ofte ligg ute dokument med fødselsnummer i, så kan ein jo spørja seg kva for andre opplysningar som kanskje ikkje blir oppdaga og luka ut.
Vidare vil ho rosa Steinar Berland for å seia frå.
- Det er bra at nokon følgjer med og tek det opp når slike glippar skjer.
Furulund er tilhengjar av meir offentlegheit og gjennomsiktige system i det offentlege.
- Samtidig er det viktig å ha eit bevisst forhold til kva for opplysningar som blir delte, særleg på internett. Då treng ein gode rutinar, for å unngå å lekka informasjon som ikkje skal ut.
Ho reknar med Fusa kommune alt har slike rutinar.