Forventar massivt kundetrykk på Black Friday
Butikkane på AMFI-senteret køyrer hardt på «Black Friday». Dei Os og Fusaposten har snakka med, meiner at handledagen er i ferd med å bli ein tradisjon i Noreg.
- Me forventar elleville tilstandar, smiler Jørgen Hansen i Sport 1.
Den store handledagen
Black Friday er ein tradisjon i USA og Canada, men fleire andre land har etter kvart teke til seg tradisjonen. Dagen etter Thanksgiving dumpar handelsbranjen prisane på ei rekkje varer, og fleire stader går folk bananas. Det er faktisk laga ein nettstad som fører statistikk på kor mange som har mista livet eller blitt skadd i USA i samband med Black Friday. Det må seiast at det er uvisst kor seriøs nettstaden er, men likevel er det spesielt. Den store handledagen markerer også starten på julehandelen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sparsame med lekkasjar
På AMFI Os er butikkane sparsame med lekkasjar av kva tilbod som kjem neste fredag. Me er litt tidleg ute, får me beskjed om.
- Stemninga skal byggjast opp, og kundane skal helst ikkje få greie på kva som kjem på tilbod før dagen før, seier Erik Rosendal i Sport 1.
Spent senterleiar
Senterleiar Silje Lygre har erfaring med Black Friday frå tida som distriktssjef i bokhandlarkjeda «ARK», og har stor tru på handledagen.
- Me såg at dette var populært blant kundane. Det er nok mange meiningar om det å ta til seg alt av amerikanske tradisjonar, men Black Friday trur eg dei fleste er samde i at er ein positiv greie. I alle fall kundane, seier Lygre.
Senterleiaren forventar ikkje amerikanske tilstandar, der folk ligg i telt for å sikra seg gode tilbod, eller at kundane trampar kvarandre i hel.
- Det har eg ikkje tru på, nei. Men me er veldig spente på korleis dagen blir. Heile senteret opnar klokka 07.00, og butikkane skal ha timetilbod til klokka 10.00. Dei som vil sikra seg dei beste tilboda, må koma seg opp tidleg, smiler Lygre.
- Oslo er komen lengre
Black Friday-satsinga på senteret må evaluerast i etterkant, men Lygre kjenner seg ganske sikker på at handledagen er komen for å bli.
- Noko anna vil forbausa meg, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den oppfatninga delar butikksjefar som me møtte på senteret torsdag.
Anne Kristin Aasen i Notabene er ei av dei.
- Det er ingen kundar som klagar på Black Friday. Det kjem jo berre dei til gode. Men det tek kanskje litt tid før det blir etablert i denne delen av landet, seier ho og legg til:
- Halloween er til dømes mykje større i Oslo enn i Os. Der me er i løypa no, var Oslo for ti år sidan, seier Aasen.
Håpar på ville tilstandar
På Wallendahls er Even Hekland spent på korleis den komande fredagen kjem til å bli.
- Eg er ikkje veldig kjend med Black Friday, men eg veit at det skal vera den dagen som set i gang julehandelen. Og at det kan vera ville tilstandar på denne dagen i Amerika. Det trur eg ikkje det blir her, men det er lov å håpa, smiler han.
Les også: Det ligg ikkje an til noko stormarkering avBlack Friday i Os sentrum.
Elkjøp køyrer like så godt Black Friday heile neste veke -Slår på stortromma