20.000-grensa likevel ikkje nådd
Per 1. september hadde osing nummer 20.000 framleis ikkje flytta til bygda.
Lokalavisamelde i midten av august at det offisielle talet osingar per 1. juli var 19.980. Hadde veksten i vår fortsatt i same tempo utover sommarmånadene, ville 20.000-grensa vera passert i midten av juli.
Uventa nedgang
«Os og Fusaposten» var i kontakt med Avdeling for personstatistikk hjå SSB i slutten av førre månad.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I august 2015 steig folketalet med 23, og dersom det same skjer i år, var det 17. august at Os runda 20.000 heitte det frå Øivind Rustad.
Men no viser ferske tal per 1. september at me endå har nokre veker att før den magiske grensa vert passert.
- No viser det seg at folketalet per 1. september var på 19.975. Folketalet gjekk altså litt ned i august, seier Rustad.