Celine Stangnes, Erik Rosendahl og Ann Kristin Gjerde har travle dagar med å gjera klare klart for nyopning av Stadion Sport i dei langt større lokala i AMFI Os.
Celine Stangnes, Erik Rosendahl og Ann Kristin Gjerde har travle dagar med å gjera klare klart for nyopning av Stadion Sport i dei langt større lokala i AMFI Os.

Pakker ut i dobbelt så store lokale

Rekordår med 700.000 i pluss la grunnlaget for at Stadion Sport no flyttar i dobbelt så store lokale.

Kring ein månad før femårsjubileet flyttar Stadion Sport (tidlegare Sport 1) frå andre høgde i AMFI Os til nye og langt større lokale i førsteetasje i senteret.

Flytteplanane vart reelle då Wallendahl tidlegare i haust melde at dei ville gje seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har hatt fem gode år i senteret, og dei siste åra har pila berre peika oppover. No tek me sjansen og ekspanderer både i plass og med tanke på varestortiment, seier dagleg leiar Erik Rosendahl.

Den nye butikken vert opna førstkomande torsdag.

Rekordår i 2015

Etter ein litt roleg start dei første åra hadde sportsbutikken eit overskot på over 700.000 kroner i 2015. Også i 2016 ser det ut til at dei går med bra med overskot.

Erik Rosendahl har drive Stadion Sport, tidlegare Sport1, i Os Amfi i fem år. - Det passar fint å gje oss større lokale i femårsdags-presang, smiler han.
Erik Rosendahl har drive Stadion Sport, tidlegare Sport1, i Os Amfi i fem år. - Det passar fint å gje oss større lokale i femårsdags-presang, smiler han.

- Me har gjort det veldig bra dei siste åra. No kostar det oss litt å satsa i større lokale, men me håpar det kjem kundane til gode med ein langt meir oversiktleg butikk og betre utval. Slik det har vore i det siste har butikken i andre etasje rett og slett vore for liten for oss, seier Rosendahl.

I tillegg til dei gamle Wallendahl-lokala får han med det lokala til det som tidlegare var Foss Ur og Smykker.

- Totalt får me 570 kvadratmeter å boltra oss på. Det blir ein heilt ny verd, smiler Rosendahl medan han og kollegaane Celine Stangnes og Ann Kristin Gjerde pakkar ut varar.

Tilset fleire

Dei siste åra har sportsbutikken hatt åtte tilsette. I samband opninga av nye lokale vert bemanninga utvida.

- Me får meir plass både til kundar og til varar. I så måte vert det nok også høve for fleire tilsette. Me vert nok 10 tilsette innan kort tid, seier Rosendahl.