Det var ikkje berre Brann som kunne dansa kokkalele på 16. mai. Nore Neset jenter 16 feira med dans og jubel på Stord.
Det var ikkje berre Brann som kunne dansa kokkalele på 16. mai. Nore Neset jenter 16 feira med dans og jubel på Stord.

Ti års samarbeid avslutta med cupsiger

I sin siste turnering som reint Nore Neset-lag gjekk Nore Neset jenter 16 bort og vann Håndballfestivalen på Stord.

Det kunne ikkje enda på betre vis for jenter 16-gjengen på Nore Neset og trenarane. Etter ti år i saman, under Camilla Nesheim og Tone Sælen Lyssands leiing, tok blåtrøyene seg til finalen i Håndballfestivalen på Stord og sikra seg cup-tittelen med 13-12-siger.

Frå før var ein andreplass i 2012 deira beste resultat i cupen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette var utruleg moro. Snakk om happy ending på eit langt og kjekt sambeid, jublar Tone Sælen Lyssand. 

Frå hausten av vert jentene slått saman med 16-årslaget til Os. Dermed var cupen på Stord også trenarane Lyssand og Nesheims siste med laget.

- Det er sjølvsagt ekstra kjekt å gje seg med ein solid opptur, men ein kan heller ikkje fri seg frå at det er litt vemodig, no like etter, vedgår Lyssand.

Camilla Nesheim og Tone Sælen Lyssand gjekk ned i kneståande for å applaudera laget dei har trena i 10 år.
Camilla Nesheim og Tone Sælen Lyssand gjekk ned i kneståande for å applaudera laget dei har trena i 10 år.
Jeneter 16-laget til Nore Neset klar for finale mot Åkra.
Jeneter 16-laget til Nore Neset klar for finale mot Åkra.

Berre ein Reserve

Totalt 350 lag var i aksjon på Stord denne helga. Nore Neset-jentene starta cupen med å vinna puljespelet. Dermed gjekk dei rakt til semifinalen.

- I semifinalen møtte me vertslaget Stord. Det kunne bydd på utfodringar, men takk vere ein kanonsterk start, der me på det meste leidde 9-0, var det berre å cruisa inn til komfortabel 16-8-siger, fortel trenar Lyssand.

Jentene spelte heile cupen med berr åtte spelarar.

- Det var bra utkøyrde jenter. Med berre ein reserve i kvar kampa vart det godt med speltid på alle, men dei takla det kjempefint, skryter trenaren.

I søndagens finale møtte dei Åkra. Rogalandslaget vart denne våren regionsmeistrar i A-pulja.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me møtte dei ogå i puljespelet. Då vart  det uavgjort. Også finalen vart svært jamn, fortel Lyssand.

Like før slutt, på stillinga 12-12, fekk ei Nore Neset-jente to minutt utvisning. Då såg det mørkt ut, men...

- Jentene fighta knallbra og takk vere ein fin avslutning av Andrine Fløysand, drog me sigeren i land med 13-12.

 

Siger i B-sluttspelet

Alt klaffa denne søndagen for dei blåkledde. Samtlege spelarar bortsett frå keeper Anne Dorthe Hausberg, skåra. Ho fekk til gjenngjeld prisen for banens beste i finalen.

- Det var liksom dagen då alle fekk vist seg fram. Snakk om lagsiger, konstaterer trenaren.

Totalt åtte lag frå Nore Neset deltok i den store handballturneringa på Stord i helga. Samtlege lag gjorde ein flott innsats.

- Det var moro å vera norenesing og heia fram kvarandre. Få også med at Nore Neset sitt gutar 12-lag gjekk til topps i B-sluttspelet. I finalen slo dei Askøy 3-2, fortel Lyssand.