Bjarte Solvang gjorde eit nytt kjempeløp og gjekk inn til 3. plass.
Bjarte Solvang gjorde eit nytt kjempeløp og gjekk inn til 3. plass.

NM-bronse til Bjarte Solvang

Nyleg vann han NM-bronse i mix-stafett. Laurdag tok Bjarte Solvang tredjeplass i NC- sprinten i Trondheim.

Seks utøvarar frå Hålandsdal IL var i helga i aksjon under NM og Noregscupen i Trondheim.

Fredag var det NM-renn i normal både for juniorane og seniorane. Laurdag var det junior-NM i sprint, medan seniorane gjekk vanleg Noregscup.

Artikkelen held fram under annonsen.

Martin best

På fredagens sprint var det Martin Femsteinevik som nådde høgst opp på resultatlista. Med to bom (0-1-0-1) gjekk Hatlestrand-guten seg inn til ein flott åttandeplass på NM-distansen for herrar senior.

I mål var han tre minutt bak vinnar Lars Helge Birkeland.

- Martin var godt nøgd med det løpet. Korkje han eller eg var heilt topp fysisk denne helga. I så måte var ein åttandeplass bra, fortel Bjarte Solvang.

Han noterte seg sjølv for ein smålåten 25. plass.

- Eg hadde fem bom. Det er altfor mykje dersom ein skal hevda seg i eit NM, seier Solvang.

I klassen for kvinner senior gjekk Heidi Berlandstveit inn til 11. plass. Ho skaut fem bom (2-2--0-1).

I klassen for kvinner 20-21 år vart Ragnhild Femsteinevik nummer 11 med fire bom (1-1-2-0), medan Ingvild Berlandstveit vart nummer 35 med seks bom (2-1-0-3).

Trygve Vansnes vart nummer 55 i klassen for menn 20-21 år. Han skaut fire bom (2-0-1-1).

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt nøgd

På sprinten laurdag gjekk Bjarte Solvang eit svært godt løp. Berre så synd at det ikkje var NM-distanse denne gong. Fusingen har som kjent NM-gull på denne distansen frå i fjor, men ein NM-bronse hadde ikkje gjort noko.

- Dette var berre eit vanleg Noregscup-løp, men det var mange gode deltakarar, så eg er veldig godt nøgd med å bli nummer tre, seier Solvang, som skaut ein bom og sikra seg pallplass med knapp margin.

For Bjarte vert det no ein god konkurransepause fram til NM på Dombås etter påske.

- No gjeld det å få opp den fysiske forma igjen. På mange måter vert det ein ny oppkøyring dei neste vekene. Eg skal trena godt, lovar fusingen som vann NM-tittelen på sprint i fjor.

Eit par hakk opp

For søstrene Berlandstveit vart det eit lite hakk opp laurdag. Heidi skaut to bom (2-0) og tok ein finfin sjuandeplass.

Ingvild klarte seg med ein bom (1-0) og vart nummer 16 på NM-distansen.

For søskenparet Femsteinevik var utviklinga mindre god. Ragnhild måtte ut i heile seks strafferundar på sprinten og hamna til slutt på ein 30. plass.

Martin Femsteinevik drog på seg tre strafferundar (2-1) og enda dermed på 25. plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bestemann på standplass av fusingane denne helga vart Trygve Vangsnes. Han skaut ti treff på sprinten og vart til slutt nummer 43 i klassen for menn 20-21 år.