To frå Os omkom i helikopter-ulukka
OPPDATERT: To osingar omkom i ulukka på Turøy i går. Ein 35-åring og ein mann som har budd i kommunen i over 50 år, og som no har bustadadresse i ein nabokommune, er stadfesta omkomne.
Politiet gjekk i ettermiddag ut med ei anonymisert liste over dei omkomne etter ulukka i går.
12 menn og ei kvinne omkom, deriblant ein 35 år gamal mann frå Os som jobba for Welltec Norway. Ordførar Terje Søviknes opplyser at dei har fått stadfesta at ytterlegare ein mann frå Os mista livet i den tragiske ulukka.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette har vore ein svært tøff periode for lokalsamfunnet, kommenterer Søviknes etter ein dag der dei omkomne i helikopter-ulukka og Trude Brenna Aasen vart minna med eit minutts stille under Vårslepp-arrangementet i dag.
– Samstundes som dette er ei svært vanskeleg tid, opplever eg at osingane mobiliserer. Både privatpersonar og profesjonelt helsepersonell stiller opp for kvarandre og viser stor omsorg, seier Søviknes.
Han legg til at kommunen vil ha utvida beredskap gjennom helga og utover i neste veke for å ta best mogleg vare på dei som er råka av dei to tragediane.
Lista over dei omkomne
. Mann (54) frå Sandnes i Rogaland. Ansatt i Halliburton
. Mann (43) frå Bergen. Ansatt i Aker
. Mann (50) frå Stavanger. Ansatt i Halliburton
. Kvinne (32) frå Bergen. Ansatt i Schlumberger
. Mann (60) busett i Bergen, Hordaland. Ansatt i Statoil
Artikkelen held fram under annonsen.
. Mann (35) frå Os i Hordaland. Ansatt i Welltec
. Mann (41) frå Storbritannia. Ansatt i Halliburton
. Mann (57) frå Sund i Hordaland. Ansatt i Aker
. Mann (54) frå Øygarden i Hordaland. Ansatt i Aker
. Mann (54) frå Jørpeland i Strand kommune i Rogaland. Ansatt i Halliburton
. Mann (51) frå Bergen. Ansatt i Aker
. Mann (57) frå Bergen. Pilot ansatt i CHC
. Mann (44) frå Italia. Pilot ansatt i CHC