Vil du bli med på Finnmarkstur i 2016?
Vår prost Arild Hellesøy har vore sokneprest og prost i Indre Finnmark prosti i om lag 20 år. Han har gjennom sitt virke blitt svært godt kjend med samisk kyrkje- og kulturliv, og snakkar dessutan flytande samisk. Fusa sokneråd har tatt kontakt med han for om mogleg å få ei reise der det vert sett fokus på samisk kultur- og kyrkjeliv. Aktuelle besøk vil vere m.a. sameting, samisk høgskule , NRK Sameradio og forskjellige kyrkjer. Vi planlegg å oppleve samisk kultur som joik, lavvu og samisk mat. Samisk historie vil vi også få innblikk i. Gjennom prosten sin lokalkunnskap og lokalkjennskap vil vi kome på innsida av mykje av dette, og dermed få opplevingar som dei færraste ville fått som turistar. Turen planlegg vi på den lysaste årstida! For alle interesserte vert det eit orienteringsmøte i byrjinga av januar månad. Vi viser til annonse i avisa for korleis du kan melde din interesse.
Fusa sokneråd