Ny Vestlandsregion: Namnet er klart
Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er framleis i forhandlingar om ein Vestlandsregion. Men forhandlingsutvala er no samde om namnet på ein eventuell ny folkevalt region.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Namnet dei har bestemt på den nye regionen på Vestlandet, er Vestlandsregionen...
- Forhandlingane held fram i det gode sporet som vart etablert i første møtet mellom forhandlingsutvala. Diskusjonane rundt dei ulike tema er gode og konstruktive. Det som står svært sentralt i diskusjonane er nye og fleire oppgåver til eit regionalt folkevalt nivå, seier dei tre fylkesordførarane Anne Gine Hestetun, Solveig Ege Tengesdal og Jenny Følling.
Drøfta styringsforma
I det andre forhandlingsmøtet drøfta forhandlingsutvala politisk styreform, inndeling i valkrinsar, og representasjon i eit regionsting.
Dei tre utvala ønskjer å ta vare på noverande formannskapsmodell som styringsform, men forhandlingane på dei enkelte tema er enno ikkje ferdige, heiter det i ei pressemelding.
- Vi er i gang med diskusjonar knytt til korleis ein eventuell folkevalt framtidig region skal organiserast, både politisk og administrativt. Det er omfattande og viktige diskusjonar. Vi er opptekne av å forhandle fram ei løysing som ivaretek utviklinga av heile Vestlandet, seier dei tre fylkesordførarane.
Møter kommunalministeren
I dag skal representantar frå dei tre fylka møte kommunalminister Jan Tore Sanner der tema er regionreforma.
- Det er viktig for oss å få avklart viktige og sentrale spørsmål, mellom anna om kva oppgåver som kan bli lagt til nye folkevalte regionar, seier Hestetun, Ege Tengesdal og Følling.
Forhandlingane mellom dei tre fylka skal leie fram til ein felles intensjonsplan. Intensjonsplanen blir lagt fram til politisk behandling i dei tre fylkestinga i oktober. I desember skal dei tre fylkestinga ta stilling til og behandla etablering av ein eventuell ny region.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forhandlingane blir avslutta i Førde 14. og 15. september med mål om å bli samde om ein endeleg intensjonsplan.