Os Karate Klubbe gjorde det kjempebra i Vestlandsmeisterskapen i karate i helga. Her er gjengen samla etter endt innsats i Laksevåghallen. (Privat foto)
Os Karate Klubbe gjorde det kjempebra i Vestlandsmeisterskapen i karate i helga. Her er gjengen samla etter endt innsats i Laksevåghallen. (Privat foto)

Fem karategull

Gutane i Os Karateklubb blei Vestlandsmeistre i alle klassane frå og med 12 år til og med senior. Jentene kjempa godt, men det vart stang ut denne gongen.

Junioren Armin Palislamovic (17) vann suverent for Vestlandsmeisterskapen sjette året på rad. Han tok også gull i kata (teknikk), der han er europameister i karatestilarten WIKF Wado Ryu.

Armin er fleire gonger Norgesmester i karate, og om 10 dagar skal han delta i NM i Bærum saman med lagkameratane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest suverene

Den mest suverene i stemnet var Henrik Reed-Larsen i herrer senior. Som venta vann han alle kampane 8-0 før tid. Finalen vann han på 28 sekund, etter at han tok seg tid til å laga litt show for publikum ved å skåre med avanserte teknikker.

Benjamin Askvik Midtbø vann 12-13 årsklassen som vanleg etter taktisk god fighting.

Sondre Kvamsdal vann klart i klasse 14-15 år.

– Han har hatt ein voldsom framgang dei seinaste månadene, og skåra på meir avanserte teknikker enn tidlegare, skryter Sensei Cato Bruarøy.

Stor framgang

I 14-15 årsklassen tok Tobias Hagen Røttingen femteplass. Han har no taktiske arbeidsoppgaver på kvart stemne, og i Vestlandsmeisterskapen lukkast han med mykje,

Erik Vilke Lien (9) hadde ein flott debut med siger i første kamp etter å ha skåra fem poeng. Han hadde to gode kampar og viste to gode kata. I klasse 8-10 år er det ikkje rangering, og alle får medalje.

Bronse til Tiril

I damer junior tok Tiril Skønberg Haaland bronse. Ho vann første kamp klart, men kom bakpå i semifinalen og til slutt vart det med bronsemedalje på den tidlegare Norgesmeisteren.

Anne Fløtterud vann sølv i 11 årsklassen, der ho forstua ankelen i finalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne gongen vart dette dei einaste medaljane i jenteklassene. Nærmast var Carmen Liliana Langbakk Bruarøy (12), som leia kampen heilt til det var 3 sekund att. Tuva Baggen (13) hadde fleire gode kampar men enda på femteplass.

Melina Solvang (12) hadde comeback etter skade og kjempa godt, men det vart ikkje medalje i den største klassen på stemnet.

Malene Askvik Midtbø var beste jente i 14-15 årsklassen forrige stemne. Motstandaren var difor klar over nivået hennar, og klarte å demma opp taktisk. Dermed vart det ikkje medalje denne gongen.

Mariel Askvik Midtbø (10) vann som vanleg sine kampar heilt suverent før full tid.

– Ho er så god at ho dessverre ikkje får nokon reell motstand på stevnene på Vestlandet, og me får ikkje senda ho på stemner til utlandet før ho er 12 år. Også neste vår er ho for ung til å delta i NM, men sommaren 2018 blir ho endeleg klar for å konkurrere internasjonalt, fortel Sensei Bruarøy.