Lange dagar for handbak-Frode
I desse dagar byggjer han definitivt meir hus enn han byggjer kropp. Men handbak-Frode senkar ikkje ambisjonane av den grunn.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Det siste året har Frode Veim Haugland berre hatt tid til ei handbaktrening i veka. Eit par skadar, litt sjukdom - og ikkje minst travle dagar på jobben - har gjort sitt til at handbaktreningane har måtta vika. Og no nærmar NM på heimebane i Bergen seg med stormskritt.
- Eg kunne sjølvsagt vore i betre form, men det kjenst faktisk ikkje så verst. Eg skal nok vera med og kjempa om NM-gull i år også, smiler Frode på sitt sedvanlege avdempa vis.
Årets NM går laurdag 17. oktober i Turnhallen på Slettebakken i Bergen.
Byggjer draumehuset
Det er fredag ettermiddag og me møter Frode på tomta si i Halhjemsmarka felt 3. Frode har nett lagt bak seg ein vanleg arbeidsdag, og er no i ferd med å ta fatt på jobb nummer to.
- Slik blir det i lang tid framover. Det er tungt, men eg skal nok klara det. Dessutan er det sjølvsagt ekstra gjevande å jobba med noko som skal bli eins eige, seier Frode.
I lag med sambuar Renate Flatland fann han draumetomta for litt over eitt år sidan. No er dei i ferd med å byggja draumehuset.
Frode er byggmeister og har dei siste åra drive for seg sjølv. No har han gjeve seg sjølv oppdraget med å føra opp huset som han og Renate for litt sidan planla på teiknebrettet.
- Når ein sit og teiknar, dreg ein gjerne litt på. Me har begge våre ønske som me får innfridd. Bakdelen er at eg må byggja alt sjølv for å spara på kostnadene, humrar Frode.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spektakulær utsikt
Frode ser for seg at han vil bruka om lag 8-9 månader på å gjera huset på Halhjem ferdig. I løpet av denne tida må han jobba 5-6 dagar i veka. i tillegg skal han også skjøtta sin vanlege jobb, og halda liv i karrieren som ein av verdas beste handbakutøvarar.
- Så lenge eg rekk ei trening i veka, skal eg alltid halda meg i nokolunde kampform. Det er uaktuelt å ta pause frå handbaken, konstaterer Frode.
Han held på med å leggja golvet i andre etasje. Bak han skin sola gjennom skylaget over Tysnes. Utsikta er fenomenal.
- Ja, her frå andre høgda blir det god utsikt, og endå betre vert det når dei byrjar å byggja ut feltet nedanfor og hogger ned litt tre, seier Frode.
Han har rekna litt på kor lang tid det vil ta før han kan sitja og nyta utsikta frå eit ferdiglaga hus.
- Det vert truleg kring 2.000 arbeidstimar til, ler han.
- Du er ikkje redd for at du skal møta veggen?
- Nei, det blir eit tungt halvår, men det skal nok gå bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mobiliserer til NM
På fredag snikra han berre eit par timar på huset på Halhjem før det bar på trening med Os Handbakklubb.
- Når eg berre har ei trening i veka, er den svært høgt prioritert. Uansett kor sliten eg er, så får eg overskot av å koma meg ut og trena med klubbkameratane mine i Os, seier Frode.
Dei neste vekene er det fullt fokus på NM i Bergen.
- Me vurderer løpande kva klassar me alle skal stilla i. Målet er jo flest mogleg titlar og siger i klubbkampen, fortel han.
Os Handbakklubb har vore Noregs beste klubb i ei årrekkje. Det ønskjer dei ikkje nokon endring på.
- Me stillar nok med i overkant av 15 utøvarar i årets NM. Veldig mange er kandidatar til NM-tittelen i sin vektklasse, fortel Frode.
Sjølv stiller han truleg i - 95 kg-klassen. Då må han kjempa mot klubbkamerat Tore Matre.
- I fjor delte me broderleg. Han vann høgre, eg venstre. I år skal eg ta begge titlane, gliser Frode.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og det skal du klara med så lite trening?
- Ja, eg håpar jo det, ler 28-åringen.
Held titlane
I - 85 kg-klassen har Frode framleis verdsmeister-tittelen i både høgre og venstre arm i Arm Wars. Så lenge han har tid, har osingen planar om å halda på titlane.
- No vart Arm Wars-stemnet som skulle gått i Las Vegas i helga heldigvis avlyst, men til våren må eg nok ut og forsvara titlane, seier han.
Elles stiller han truleg til WAL-kvalifisering i Skien 26. novemberg.
- WAL er ei internasjonale handbakturnering med finale i Las Vegas. Vinnarane får 20.000 dollar. Det er jo pengar eg fint kunne fått bruk for på huset her, smiler Frode.