Vogntog av vegen ved Kilen i Fusa
Klokka 19.17 fredag hamna eit vogntog av vegen ved Kilen i Fusa. Ingen personar vart skadde i uhellet.
Ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit var det eit utanlandsk vogntog, som slepte eit anna køyretøy, som hamna av vegen ved Skogseidvatnet i Fusa.
- Det var to menn involvert i uhellet. Ingen av dei vart skadde, seier Kolltveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ut frå det han kan lesa på loggen, ser det ut til at mennene ikkje klarte å køyra vidare på grunn av skadar på det eine køyretøyet.
- Det første køyretøyet har hamna litt for langt ut på vegskulderen, noko som har ført til at køyretøyet bak har kome borti fjellveggen, forklarar Kolltveit.
Det er ikkje mistanke om promillekøyring i samband med uhellet.
- Det ser heller ikkje ut til at det har vore trafikale problem på grunn av hendinga, opplyser Kolltveit.