Nokre bilførarar var litt for harde på gasspedalen både i Hegglandsdalen og Lysefjorden. (Illustrasjonsfoto)
Nokre bilførarar var litt for harde på gasspedalen både i Hegglandsdalen og Lysefjorden. (Illustrasjonsfoto)

For høg fart og for mange i bilen

I tillegg til at bilen var for full, var heller ikkje borna godt nok sikra. Politiet tok dessutan to i fartskontrollar.

Klokka 13.30 onsdag ettermiddag vart ein bil stansa av UP på grunn av for mange personar i bilen.

- Det var tre vaksne og tre born i bilen, og dei var ikkje godt nok sikra. Bilførar blir anmeldt for forholdet, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Borna var i alderen 8 år og nedover.

2.900 kr i bot

Politiet hadde elles trafikkontroll både i Lyseklostervegen og i Hegglandsdalen. I førstnemnde tilfelle viste at det stort sett var fin køyring på staden frå klokka 19 til 20, men med eitt unntak. Føraren vart teken i 64 km/t i 50-sona, og fekk forenkla førelegg.

I Hegglandsdalen kl 23.30 gjennomførte politiet ei snittmåling, og ein førar vart teken for å ha køyrt i 62 km/t i 50-sona. Han fekk ei bot på 2.900 kroner og to prikkar.

Ei snittmåling vil seia at politiet ligg bak eit køyretøy ein gitt periode og kan såleis måla snittfarten over ein lenger avstand. Dette i motsetning til ein laserkontroll der berre toppfarten blir målt på ein spesifikk stad.