Etter måndagens skiltinnsamling er Gitle Smaadal og Os brann- og redningstjeneste eitt «is-skilt» i manko. Smaadal ber dei som har fjerna det om å levera det på stasjonen på Moberg.
Etter måndagens skiltinnsamling er Gitle Smaadal og Os brann- og redningstjeneste eitt «is-skilt» i manko. Smaadal ber dei som har fjerna det om å levera det på stasjonen på Moberg.

Sakna is-skilt truleg stole i helga

I fjor haust gjekk Os brann- og redningsteneste til innkjøp av åtte «Isen er ikkje trygg»-skilt. Då dei henta dei inn på måndag, var eitt av dei borte vekk.

Sidan hausten 2015 har Os brann- og redningsteneste hatt ansvaret for ismåling og varsling om trygg eller ikkje trygg is på dei største vatna i Os kommune. I fjor haust gjekk dei til innkjøp av åtte skilt, for å varsla om utrygge vatn.

Skilta var altså for første gong i bruk denne vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne vinteren har me hatt skilt på Tveitevatnet i Hegglandsdalen, Lekvenvatnet, på Banktjørno, Ulvenvatnet sør og nord, Gåsakilen ved Storestraumen og Strønevatnet på Strøno. Då me skulle henta inn igjen skilta måndag, var eitt av dei borte, fortel Gitle Smaadal ved Os brann- og redningstjeneste.

Skiltet dei ikkje fann skulle stått ved Lekvenvatnet.

Stolen i helga

Ifølgje Smaadal vart skiltet truleg stole, eller flytta på i løpet av helga.

Det er altså eit slikt skilt brannvesenet no saknar. Om nokon i området rundt Lekven har sett eit slikt, må dei ta kontakt med folka på brannstasjonen.
Det er altså eit slikt skilt brannvesenet no saknar. Om nokon i området rundt Lekven har sett eit slikt, må dei ta kontakt med folka på brannstasjonen.

– Me leita ein del i området, men kunne ikkje finna skiltet att. Ifølgje vitne var det der seinast i slutten av sist veke, så me ser det som sannsynleg at nokon har tatt det i helga som var, seier Smaadal.

Han kan vanskeleg skjøna at nokon kan ha bruk for det.

– Om dette er resultat av reine gutestrekar, vil eg be innstendig om at dei som har stukke av med skiltet leverer det tilbake til oss på stasjonen. Me har nok meir bruk for det enn dei, seier Smaadal.