Tropehage med fontene på nye Luranetunet
I samband med at Os kommune og Consto i dag signerte kontrakt om nye Luranetunet, lanserer dei eit bilete som syner korleis den unike tropiske hagen kan bli.
- Dette er ein stor dag. Dette har eg venta på sidan 2008, sa kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, då kontrakten til 170 mill. kroner var signert.
Alt då han tok til som kommunalsjef på feltet kjente dei på at det var litt trongt, og utbygginga som vil gje 60 nye rom og dessutan 37 nye bustader for demente er kjærkome.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Talet demente veks faktisk meir enn innbyggjartalet elles, så dette er heilt naudsynt, sa rådmann Knut Terje Rekve.
Prosjektsjef Tor Inge Døsen sa at bygginga tek til i november i år, for å vera ferdigstilt sommaren 2017.
- I anleggsperioden skal me gjera så godt me kan for å sikra at bebuarane har det greitt sjølv om det pågår byggjearbeid, sa Arve Sande frå Consto.
Nils-Petter Borge svarte at dei tilsette på Luranetunet har vist at dei er fleksible nok til å greia å takla ein byggjeperiode før.
Den unike hagen
Ordførar Terje Søviknes la vekt på at dette er eit heilt unik bygning i norsk samanheng.
- Det er faktisk ikkje bygt eit slikt bygg i Noreg før, sa han.
I tillegg til utvendig sansehage, romsleg kantine innvendig, er det tropehagen innvendig som er det store nyhendet. Ein temperert hage med middelhavsklima skal kunna gje høve for dyrking av sitronar og palmar.
- Ein tropisk hage gjer at demente kan vera "ute, men inne". Det trur eg blir viktig, sa Rekve.