Ørjan Sandal og styreleiar Svein Kollen kan seia seg nøgde med neste års serioppsett.
Ørjan Sandal og styreleiar Svein Kollen kan seia seg nøgde med neste års serioppsett.

- Fin gruppe med mange spennande lag

Lysekloster-trenar Ørjan Sandal er svært nøgd med 2. divisjonsgruppa laget har hamna i.

- For oss var detta ein veldig fin gruppe og hamna i. Me får møta ei rekkje spennande lag, og me slepp å reisa all verda langt til dei fleste av bortekampane, oppsummerer Sandal.

Lysekloster kom i guppe 3. Laga i gruppa er som følgjer: Nest-Sotra, Egersunds, Vard Haugesund, Vidar, Sola, Fana, Fyllingsdalen, Lørenskog, Florø, Førde, Vålerenga 2, Frigg og då altså, Lysekloster.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig kjekt at me kom i gruppe med bergenslaga. Det blir artige og forhåpentlegvis publikumsvenlege oppgjer. Elles er me van med å reisa til rogaland, så det blir ikkje noko problem, seier Sandal.

Han ser på Florø og Egersunds-kampane som dei lengste turane.

- Det er til plassar me reknar med å bussa. Mot austlandslaga vert det fly, så blir greie turar, seier Sandal.

- Kven blir det tøffaste laget å møta?

- Det er vanskeleg å seia nett no, men Egersunds kjempa jo om opprykket til OBOS-ligaen med Ullensaker/Kisa heilt til døren, så dei kjem sikkert til å stilla eit sterk lag også neste år, seier Sandal

Han vil ikkje ut med noko uttalt mål om sesongen.

- Det synest me er for tidleg. Me har nett byrja å trena igjen og vil difor venta med å seia noko om den saka, seier han.

Bergensgruppe

Også Os kan truleg vera nøgd med neste års avdeling. 3. divisjonslaget frå Kuventræ kom i avdeling 07. Her møter dei alle bergens-laga. Dei lengste turane deira vert til rimelege nærliggjande plassar som Øystese og Austevoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er gruppa til Os: Åsane 2, Gneist, Sotra, Varegg, Brann 2, Øystese, Lyngbø, Arna-Bjørnar, Bjarg, Tertnes, Nest-Sotra 2, Vestsiden-Askøy, Austevoll og altså Os.