Os-trenar Hassan El Fakiri og resten av trenarane som blei plukka ut til UEFA A-lisens-utdanninga i fjor, er no ferdige, og alle bestod.
Os-trenar Hassan El Fakiri og resten av trenarane som blei plukka ut til UEFA A-lisens-utdanninga i fjor, er no ferdige, og alle bestod.

- Endeleg kan eg konsentrera meg 100 prosent om Os

Hassan El Fakiri fekk "Meget bra" på oppgåva, og har no fullført UEFA A-lisens-utdanninga.

Om lag hundre trenarar søkte, og El Fakiri var ein av 32 deltakarar som blei plukka ut til å gjennomføra trenarkurset som starta i fjor sommar.

- Kretsen kjem med sine kandidatar og NFF plukkar ut kven som får vera med. Dette er andre året eg har søkt. Første året var eg spelar, så då fekk eg ikkje vera med, seier El Fakiri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan trena meir i Noreg

I november starta han å jobba med oppgåva som han i slutten av sist veke skulle drøfta saman med kursrettleiarane.

- Mi oppgåve handla om kva slags prioriteringar toppklubbane gjer når det kjem til fysisk trening i Noreg og i utlandet. Konklusjonen er at eg meiner vi kan trena meir i norsk fotball enn det vi gjer i dag.

På oppgåva kunne Os-trenaren få maks 30 poeng. Under 15 poeng er ikkje bestått. El Fakiri har ikkje lyst til å fortelja kva poengsum han fekk, men seier at det gjekk "meget bra".

Skal ta PRO-lisensen

UEFA A-lisens-utdanninga består i grove trekk av foredrag, at trenarane blir følgt rundt trening og kamp, og til slutt oppgåva som skal leverast.

A-lisensen er den nest høgste trenarutdanninga, bak UEFA PRO-lisens.

- Tenkjer du å ta pro-kurset også?

- Ja, absolutt. Det kjem eg til å gjera. Til neste år kan eg ikkje søkja, for ein må ha eit friår mellom. Sjølv om eg ikkje har trent på eit veldig høgt nivå, så kan eg søkja, men dess høgare nivå ein har trent på, dess større sjanse er det for å bli tatt opp, seier El Fakiri.

No ser Os-trenaren fram til å ha fullt fokus på laget sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No kan eg endeleg konsentrera meg hundre prosent om Os. Det blir godt, seier El Fakiri.