Åsne Takle Eide (21) går frå Arna Bjørnar til Sandviken, og får tidlegare Os-trenar Øyvind Nordtveit til trenar. (Arkiv
Åsne Takle Eide (21) går frå Arna Bjørnar til Sandviken, og får tidlegare Os-trenar Øyvind Nordtveit til trenar. (Arkiv

- Eg ønskjer meir speletid

Det seier Åsne Takle Eide om kvifor ho no har byta klubb. 21-åringen skal neste sesong spela fotball for IL Sandviken.

- Det er hovudgrunnen. Eg starta om lag ti kampar for Arna Bjørnar sist sesong. Eg trur eg var involvert i alle, men det er ikkje noko kjekt å få eit kvarter her og ti minutt der. Eg vil jo spela mest mogleg, seier Takle Eide og legg til:

- Eg trur også at eg har godt av eit miljøskifte, få litt ny giv med ny trenar, og eit nytt opplegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar seks dagar i veka

Toppseriespelarane trenar mykje. Inn mot sesong fortel Takle Eide at dei gjerne har seks økter i tillegg til morgonøkter. Det er nok ein grunn til at ho ønskjer å gå til ein klubb kor ho blir satsa på.

- Me i toppserien trenar fem-seks dagar i veka. Nokre dagar har me doble økter. Ei morgon-, og ei ettermiddagsøkt. Det er ikkje kjekt å bruka så mykje tid på trening for å koma inn som innbytar i ti minutt i seriekampane.

Vil spela spiss

21-åringen spelte mest spiss i sine Os-dagar, men for fire år sidan starta Arna Bjørnar å omskolera ho til back.

- Eg har spelt mykje back dei siste åra, og litt på kant. På andrelaget til Arna Bjørnar har eg fått spela på topp, men no gler eg meg til å bli satsa på som spiss igjen, seier Takle Eide.

Skal spela for tidlegare Os-trenar

I Sandviken skal ho spela for tidlegare Os-trenar Øyvind Nordtveit.

- Kjenner du han frå før av?

- Eg kjenner han litt, men eg kjenner ikkje til korleis han er som trenar. Såleis veit eg ikkje heilt kva som ventar meg, men eg gler meg.

Takle Eide har fått gode signal frå trenaren, men ikkje lovnader om speletid.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan eg ikkje venta heller. Ein kan ikkje lova noko slikt. Det som gjeld er å trena godt, stå på, og vera med på treningane. Ein skal gjera seg fortent til tillit.

Skal ut og reise med kjærasten

Etter planen skal Takle Eide ha si første trening med sine nye lagkameratar 13. januar. Snart reiser ho på langtur saman med kjærasten, Lysekloster-spelar Joakim Hjelmeland.

- Me reiser nyttårsaftan. Det skal bli godt å koma seg vekk etter ein lang sesong. Me skal reisa til Singapore, og vidare på cruise til Thailand og Malaysia, før me reiser attende til Singapore i nokre dagar før me skal heim att, smiler Takle Eide.