Politiet gjekk til væpna aksjon måndag ettermiddag.
Politiet gjekk til væpna aksjon måndag ettermiddag.

Gjekk til væpna aksjon - mann i 20-åra i arrest

Politiet i Os pågreip mann under væpna aksjon.

Rune Fimreite opplyser at dei gjekk til væpna aksjon måndag kl. 1430 i området Os Nord, ved Vartun.

Ein mann i 20-åra blei pågripen. Vedkomande sit no i arresten i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Person skal ha vore utagerande og knust noko inventar, men pågripinga skal ha skjedd utan dramatikk. Bevæpninga skal vera rutine ved denne typen operasjonar.