Hent ungane med bil i dag!
Hent ungane med bil i dag!

- Ikkje la ungane gå heim i dag

Kommunen ber foreldre om å henta med bil. - Dersom vêret fører til stengde vegar, vil barnehagar og skular halda ope fram til siste barn er henta, seier ordførar Terje Søviknes.

Dette er blant dei felles råda Os kommune no går ut med etter å ha hatt førebuande kommunalt kriseleiingsmøte (KKL) i dag tidleg.

- Dei siste vêrmeldingane me har fått frå meteorologisk institutt tyder på at sjølve orkanen treffer litt lenger nord enn kva som var meldt i går, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje YR.no vil det på det verste bli full storm her - sjølv om det kan førekoma sterkare vindkast. Full storm er framleis så sterk at tre kan bli rykte opp med rot, og ein kan få stor skade på hus.

Vil halda ope om naudsynt

I og med at velta tre kan føra til stengde vegar, er noko av bodskapen frå KKL at barnehagar og skular vil halda ope til siste barn er henta.

- Foreldre skal vera trygge på at ungane ikkje vert sende heim før det er trygt. Dersom det ut over ettermiddag blir problem med stengde vegar, vil barnehagar og skular halda ope fram til foreldre har henta, eller til uvêret har lagt seg, seier Søviknes.

Elles vil drifta av skular og barnehagar gå som normalt i dag.

Ber om at ungane vert henta

Frå Os barneskule vart følgjande melding sendt ut til foreldre i føremiddag: "Me ber om at føresette kjem og hentar sitt barn ved skuleslutt i dag, slik at dei ikkje går åleine heim. Dei som hentar i SFO blir oppmoda om å henta så tidleg som mogleg".

Politiet vil ha fortløpande vurdering av situasjonen i samarbeid med skulane.

Frå Espirabarnehagane var bodskapen slik: "Vi i Espira tar våre forhåndsregler og vil holde oss innendørs i fra kl.11.00 og sovebarna sover inne i vognene sine. Vi har også sikret oss at det ikke er løse gjenstander ute i barnehagen."

Røde Kors står klare

Os kommune har ein beredskapsavtale med Røde Kors, og ordføraren fortel at det er gjort ein førebels avtale med dei om å rykka ut dersom det blir langvarig straumbrot, og personar med tryggleiksalarm treng hjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Elles er det å oppfordra folk å vera ekstra varsame, og ha eit auga med familie, vener og naboar som du veit er åleine og kanskje kan trenga hjelp, avsluttar ordføraren.

Meir informasjon frå Os kommune finn du her:https://oskommune.no/nyhende-i-os/informasjon-i-samband-med-varsla-uver.121708.aspx