- Me gjorde ei individuell vurdering sett utifrå Tysnes sitt beste, seier ordførar Kåre Martin Kleppe. (Arkivfoto)
- Me gjorde ei individuell vurdering sett utifrå Tysnes sitt beste, seier ordførar Kåre Martin Kleppe. (Arkivfoto)

- Fusas ja ville ikkje hatt innverknad på Tysnes-avgjerd

Ordførar i Tysnes, Kåre Martin Kleppe, trur ikkje Fusas kvuending ville fått innverknad på vedtaket på Tysnes.

Tysnes kommunestyre sa i går ettermiddag nei til å gå vidare med intensjonsavtalen med Os og Fusa. Eit par timar etterpå sa Fusa, overraskande for mange, ja.

- Eg var svært overraska, særleg over at vedtaket i Fusa var samrøystes, seier Kleppe og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur ikkje utfallet i Fusa ville ha virka inn på Tysnes uansett. Me gjorde ei individuell vurdering sett utifrå Tysnes sitt beste.

Skuffa sjølv

Sjølv er han likevel skuffa over at det vart nei (13 mot 8 røyster).

- Neste fase var informasjon ut til innbyggjarane, folkemøte og meiningsmåling. Det er synd at dette ikkje vert gjennomførd.

Han fortel at nokre av argumenta i kommunestyret for å seia nei, gjekk på risikoen for å mista styringa og at Tysnes skal få mindre å seia i ein storkommune. Lange avstandar med mindre høve til påverknad var også nemnd.

- Og som ei sa, noko som er eit godt poeng, me slit ikkje med å få folk til å engasjera seg på Tysnes slik det er no, og mange ser positivt på framtida her. Det gjer eg også, men eg fryktar at me kanskje kan verta litt små i lengda, med regionsreforma som kjem, seier Kleppe.

I tillegg synest ordføraren at intensjonsavtalen som er utarbeidd var god, og han skulle veldig gjerne sett at innbyggjarane fekk eit innblikk i denne.