Os Bygg og Eigedom var ein viktig aktør både då Geirmund Dyrdal, Annlaug Tysseland og Ole Haakon Lunde regjerte i Os, og er det framleis med Terje Søviknes i førarsetet.
Os Bygg og Eigedom var ein viktig aktør både då Geirmund Dyrdal, Annlaug Tysseland og Ole Haakon Lunde regjerte i Os, og er det framleis med Terje Søviknes i førarsetet.

- Framleis ein kraftfull aktør

50 år med Os Bygg og Eigedom har definitivt sett sine spor i kartet over Os kommune. Torsdag kveld vart selskapet, som framleis er ein kraftfull aktør i utviklinga av kommunen, feira.

Av dei som var møtt fram for å delta på jubileumsmiddagen var ikkje berre noverande ordførar Terje Søviknes (FrP), men også tre tidlegare ordførarar: Ole Haakon Lunde (1988-1993), Annlaug Tysseland (1994-1995) og Geirmund Dyrdal (1995-1999). Erling T. H. Lunde (1972-1975), eller Erling i Brekkane som han vert kalla på folkemunne, var også invitert, men hadde diverre ikkje høve til å koma.

- Alle gjenlevande ordførarar er inviterte. Hadde ikkje du sete så lenge, hadde lista vore endå lengre, sa Børge Lunde i Os Bygg og Eigedom spøkefullt, før han gav ordet til Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren trekte fram tre ting han meinte hadde vore sentrale for Os Bygg og Eigedom i alle dei 50 åra selskapet har eksistert.

- Langsiktige tomtekjøp har bidrege til å sikra gode område for generasjonar fram i tid. No sist i Lyseparken der selskapet har hatt ei sentral rolle i å tileigna seg næringsareal. Den andre tingen eg har lyst til å trekkja fram er kvalitet i arbeidet. Os Bygg og Eigedom har vore ein foregangsaktør når det gjeld tilrettelegging av felt. Selskapet har gjort jobben skikkeleg med det same. Dei har fått på plass vegljos, lagt asfalt og bygt leikeplassar. Dei har vist mindre aktørar korleis det eigentleg skal gjerast, sa Søviknes før han gjekk over til det tredje og siste punktet: Nemleg Liv på Øyro.

- OBE har vore ei viktig brikke i Liv på Øyro-prosjektet. Ja, det har teke tid å få på plass alt når det gjeld Baronsgården, men det er med på å løfta prosjektet, og det er viktig i den tida vi er inne i no.

Administrerande direktør for Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa, i samtale med Odd Røstum frå Nordea.
Administrerande direktør for Os Bygg og Eigedom, Ottar Randa, i samtale med Odd Røstum frå Nordea.
Tove Bjørkhaug, Ove, Kristin Haugsbø og Stein Hallgren.
Tove Bjørkhaug, Ove, Kristin Haugsbø og Stein Hallgren.
Til saman 55 gjester var med på feira det kommunale tomteselskapet.
Til saman 55 gjester var med på feira det kommunale tomteselskapet.

Dei aller første rekkjehusa

Det var ikkje berre ordførarane som hadde funne vegen til jubileumsmiddagen i Oseana kunst- og kultursenter torsdag. Formannskapet i Os, dagens OBE-styre, tidlegare styremedlemer, samt bankfolk, advokatar og meklarar, var også sjølvskrivne gjester.

Då Os Tomteselskap AS, som selskapet heitte før, vart stifta i september 1966, hadde det tre eigarar: Os kommune, BHB og Norske Boligbyggelags Landsforbund SA.

Ove Bjørkhaug var prosjektleiar i BHB på den tida. På byrjinga av 1970-talet var han med på å byggja dei aller første rekkjehusa i Os. Først 30 leilegheiter i prosjektet som vart kalla Varåsen 1, deretter burettslaga med namn Kolskogen og Småhaugane.

- Det var ikkje enkelt å koma til Os og skulle byggja rekkjehus på 1970-talet. Vi fekk til svar at i Os budde folk i einebustader, seier Bjørkhaug og smiler.

Øvre- og Nedre Varåsen er langt frå dei einaste områda Os Bygg og Eigedom har i portfolioen sin. Hellebakkane, Skorvane, Halhjem, Mobergshaugane, Sollia og Kuhnle er berre nokre av område som såg heilt annleis ut før selskapet kom inn i biletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I dei tidlege åra hadde Os Tomteselskap mellom 60 og 70 prosent av marknadsdelen av alle tomter som vart selte til bustadføremål i Os, fortalte adminsistrerande direktør i selskapet, Ottar Randa, til dei frammøtte.

- Vi gav oss ikkje med Varåsen. Arbeidde heldt fram i Gudridhaugen, der tidlegare ordførar Annlaug Tysseland sitt hus, var eitt av få hus som stod der før utbygginga starta. Deretter var det Eikhaugen på Søfteland, og på Halhjem har vi heldt det gåande i meir eller mindre 30 år, sa Randa.

Kraftfull aktør

Forretningsmodellen har heile tida vore enkel. Nemleg å kjøpa opp råareal, etablera infrastruktur, og selja tomter.

- Det er med stoltheit eg kan seia at Os Bygg og Eigedom har vore med på å grunnleggja fleire av nærsentra i kommunen, som til dømes Nore Neset og Lysekloster, påpeika Randa.

Mange kommunale tomteselskap har blitt avvikla. OBE på sin side har klart å hengja med på utviklinga. Selskapet har klart å fornya seg. Det meiner Odd Røstum, leiar for storhandelavdelinga i Nordea, er det mest imponerande med selskapet.

- Selskapet har bevega seg frå bustadutvikling til korleis ein skal utvikla Os. Det er ein del av overlevingsstrategien til selskapet. Dei tenkjer annleis og nytt, og er framleis ein kraftfull aktør i utviklinga av kommunen, seier Røstum.

Søviknes viste til korleis andre kommunar har late sine tomteselskap gå for "lut og kaldt vatn". Han brukte Bergen Tomteselskap som døme. Eit selskap som tidlegare sat på store verdiar.

- Er det nokon som har høyrt noko frå Bergen Tomteselskap dei siste seks-sju åra, spurte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I Os har vi gått i heilt motsett retning. Det er mange som er misunnelege på oss for det i dag, la ordføraren til.