Aukar bodet på Fjellheim
Rolf Lunde har onsdag kveld bestemt seg for å auka bodet på Fjellheim.
- Det er no nettopp levert eit nytt bod på Fjellheim til ansvarleg eigedomsmeklar. Bodet vil truleg bli presentert for kommunen i morgon torsdag, skriv Lunde i ein epost.
Han skriv vidare at dei ‘har gravd djupt’ for å koma opp med ein million ekstra, og vedgår samstundes at ‘det sat langt inne å auka bodet’.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eigedomsutvalet som har fått delegert mynde til å foreta salet for kommunen.
No håpar Lunde at utvalet kjem til eit anna svar enn sist.