Forfattarane Ole-Jacob Abraham (t.v.) og Terje Olsen signerte bøker under lanseringa.
Forfattarane Ole-Jacob Abraham (t.v.) og Terje Olsen signerte bøker under lanseringa.

Os-forfattar lanserte omstridd krigsbok

Ole-Jacob Abrahams bok om motstandsrørsla Saborg, har teke sju år å skriva og vore gjenstand for fleire kontroversar. I dag vart boka lansert i Bergen.

«Saborg - også vi, når det blir krevet», den etterlengta forteljinga om den bergenske og vestlandske sabotasje- og motstandsrørsla, vart lansert med brask og bram på Fiskerimuseet i Bergen i ettermiddag. Fleire krigsveteranar og deira etterkomarar var stolt tilstades. Mange har aldri før fått si historie fortalt.

Fleire kaptittel i den over 500 sider lange boka er også vigde til Saborgs medlemmer og aksjonar i Os. Meir om dette når Os & Fusaposten melder boka om nokre dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krangel og konflikt

- Eg er overraskande roleg og glad for å kunne presentera boka, seier forfattar Ole-Jacob Abraham.

Den tidlegare Os & Fusaposten-journalisten og historikaren har skrive boka på oppdrag for sin arbeidsgjevar Museum Vest. Undervegs hamna han i klinsj med historikar og prosjektleiar Lars Borgersrud. Ein konflikt som enda med at Borgersrud trekte seg frå arbeidet og fekk velyndar Trond Mohn til å trekkja attende si økonomiske støtte.Like før jul vart det inngått eit forlik som inneber at det kjem to ulike bøker om Saborg. I dag kom altså den fyrste.

Abraham vert ikkje overraska om hans bok vil skapa ny debatt.

- Men eg kjenner meg hundre prosent trygg på at det vi har skrive er solid dokumentert og vil halda seg i møte med eventuell kritikk, seier han.

Torturert

Med seg som forfattar har han hatt Terje Olsen, son av motstandsmannen Reidar Olsen som vart torturert til døde av Gestapo i 1944. Det var Terje Olsen som hadde ideen til boka.

- Eg er glad for at det er nettopp Ole-Jacob Abraham som har skrive boka. Det måtte ein profesjonell og uhilda historikar til for å få prosjektet i mål. Boka held vitenskapeleg mål, samstundes er den skriven i ei populærvitskapleg språkdrakt og er langt frå kjedeleg, seier Olsen.

Os & Fusaposten kjem tilbake med meir om saka.