Full fart i årets første karusellrenn
77 deltakarar stilte til start i årets første karusellrenn på Holdhus.
Tradisjonen tru er det lagt opp til karusellrenn kvar tysdag utover vinteren. Denne veka gjekk den første med 77 startande, i alderen 2 til 16 år.
- Det er eigentleg ganske bra, men det brukar å auka på med deltakarar utover vinteren. Her for nokre år sidan hadde me heile 180 deltakarar ein kveld, fortel Kari Kallevik Hjartnes i Hålandsdal IL.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets karusellrenn er kalla Sparebanken Vest Karusellen. Under runden no på tysdag var nær sagt optimal forhald.
- Det var kjempeflott skivêr. Me får håpa me får mange slike tysdagskveldar på Holdhus utover vinteren, seier Hjartnes.
Men komande tysdag vert det ikkje.
- Det skal vera eit møte på skulen. Det gjer at me ville hatt problem med å få parkering til alle karusellrenn-deltakarane. I tillegg er det meldt om mildvêr og nedbør, seier Kallevik.
Lite snø
Trass i stabilt kaldt vêr den siste tida, er det ikkje all verda med snø på Bygdastølen. Likevel har Hålandsdal IL planar om å gjennomføra krinsrenn der komande søndag.
- Me satsar på å få gjennomført eit krinsrenn for dei yngste skiskyttarane på søndag, ja. Me får dessverre ikkje med oss junior- og senior-utøvarane våre. Dei skal på Noregscup-renn i Markane i Stryn, fortel Hjartnes.