Får sin andre kunstgrasbane i 2017
Leiinga i Nore Neset IL er sikre på å få laga ny kunstgrasbane i 2017. Men prosessen vil gå både lettare og kjappare med litt hjelp.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Behovet for ein kunstgrasbane til på Nore Neset idrettsplass er prekær. I dag har idrettslaget 715 medlemer. Om lag to tredelar av desse spelar fotball. Dette utgjer meir enn 30 lag.
- Det å få laga ein ny bane mellom noverande og den nye ungdomsskulen har stått på agendaen vår i ei årrekkje. No føler me oss trygge på at prosjektet vil bli ein realitet, seier leiar i NNIL, Egil Krukhaug.
Avtalane i orden
Dersom alt går etter planen, vil arbeidet med masseutskifting ta til i løpet av første halvår i år. Sidan er målet at banen står ferdig til bruk innan sommaren 2017.
- Me er komne langt i planlegginga av banen og eit tilhøyrande bygg med teknisk rom og garderobe. Kommunen har gjeve oss tilgang på tomta banen skal liggja på, og støtter oss også elles i prosjektet, seier leiar Krukhaug.
Han legg til at idrettslaget også har inngått ein munnleg avtale med entreprenøren Vestafjell om arbeidet med å utføra masseutskifting på tomta.
Treng støttespelarar
- Dette skal me få til, men det vil gå både raskare og meir "smertefritt" med god hjelp frå lokalbefolkninga, folk som vil stilla på dugnad og eventuelle sponsorar, seier Krukhaug.
På Nore Neset har me gode tradisjonar for å støtta oppom nye og velkomne prosjekt. Eg håpar me opplever det same med denne banen, seier Krukhaug.
Han legg til at det faktum at dei no er komne så langt, er resultat av godt lagarbeid frå heile idrettslaget, med styret og fotballgruppa i spissen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I månadsskiftet januar/februar vil idrettslaget invitera til informasjonsmøte om den nye banen og planane for heile anlegget.
- Eg håpar det kjem nok folk til at me må ta Symrasalen i Nore Neset Aktivitetshus i bruk. No må alle krefter samla seg for dette gode prosjektet, seier Krukhaug.