Sigbjørn Haukeland, Sandra Austgulen, Jøran Haukeland, Sondre Benjaminsen og Robin Austgulen. Idun Fjeld og Vegard Boge var ikkje tilstade.
Sigbjørn Haukeland, Sandra Austgulen, Jøran Haukeland, Sondre Benjaminsen og Robin Austgulen. Idun Fjeld og Vegard Boge var ikkje tilstade.

Hels på styret i Os AUF

Måndag vart det skapt politisk historie på Peppes, då Os AUF hadde stiftingsmøte.

Gratulasjonane strøymer inn på Facebook-sida til det nystifta ungdomspartiet til Arbeidarpartiet. Sandra Austgulen har gått i bresjen for stiftinga, og uttalte på førehand at ho ikkje hadde som mål å ta makta sjølv. Men på møtet måndag vart ho likevel valt som leiar. Sigbjørn Haukeland er nestleiar, og med seg i styret har dei Idun Fjeld, Jøran Haukeland, Sondre Benjaminsen, Vegard Boge og Robin Austgulen.

Første styremøte for Os AUF er rett kring hjørnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me satsar på å få til eit styremøte på måndag. Me må ha ei samling før folk tek ferie, seier Austgulen.