Fonos song jula inn
Mange har gjort Fonos-konsertane til fast førjulstradisjon. Torsdag kveld song koret jula inn for ei fullsett Os kyrkje.
- For eit vakkert syn. Velkomen til julekonsert, innleia dirigent Stine Kobbeltvedt framføre ei fullsett Os kyrkje torsdag kveld.
- Det er nokre år sidan Fonos hadde julekonsert i kyrkja sist. Me er veldig glade for å vera attende. Kyrkja gjev ei vakker ramme til ein slik konsert. Er dykk ikkje einige, smilte Kobbeltvedt til publikum, som allereie 20 minutt før konsertstart hadde fylt opp samtlege benkeradar. Og fredag kveld er det ny konsert - nær utseld den også. Totalt er det selt opp mot 900 billettar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treffer mange
I løpet av den neste halvannan timen fekk ein på mange måtar svaret på kvifor Fonos for mange har blitt ein fast førjulstradisjon. Samansetninga av julelåtar frå det vare, tradisjonelle og høgtidsstemte til det meir "poppa" treffer mange på tvers av aldersgrupper og musikksmak. Koret har mange gode solistar å spela på, i tillegg til at koret lyder meir og meir samstemt og med ein meir og meir heilskapeleg klang for kvar opptreden dei gjer. Koret ser ut til å kosa seg og slappa av på scenen, og det er nett det ein får inntrykk av at publikum også gjer - akkurat slik det skal vera på ein førjulskonsert.
Julebodskap
Med songar som «Love is Christmas» med Hege Varhaug Lekven som solist, og «Hvis det var meg» ynskte også koret og Kobbeltvedt å minna oss om noko av det viktigaste med jula.
- Det handlar ikkje om kor reint du har det heime. Eller kor mange julegåver du får. Eller kor mange julekalendrar du har. Det handlar rett og slett om kjærleik. Det kan også vera verdt å tenkja på at ikkje alle har nokon å feira jul saman med. «Hvis det var meg» handlar om nettopp det, sa Kobbeltvedt.
Plateslepp
Til årets julekonsertar har Fonos fått med den syriske gitaristen Manar Alhashemi.
- Han er ikkje berre blitt ein veldig god ven, men han er også ein svært god musikar, og me er veldig glade for å ha han med oss. Noko av det fine med musikken, og spesielt folkemusikken, er at den viser kor like me eigentleg er, her representert ved syrisk og norsk folkemusikk i lag, sa Kobbeltvedt då ho introduserte Manar og solist på «Mitt hjerte alltid vanker», Gro Helen Skjælaaen.
Stine Kobbeltvedt nytta også høvet til å minna om at årets konsertar også var plateslepp for koret. Fonos er ute med sin fyrste CD - også den med julemusikk. Opptaka er gjort under fjorårets julekonsert i Oseana.