Utejulefest på Søre Fusa
Kvit skjorte og foldeskjørt var bytt ut med refleksvest og kjeledress, då Søre Fusa hadde julefest på Baldersheim torsdag kveld.
- I høve Friluftslivets år - og sidan me har vore med i Den naturlege skulesekken, har me brukt mykje tid ute. Me har fått oss eit fantastisk uteområde i Losjehagen med uteklasserom og høner som produserer egg, kunne rektor Britt-Mari Gjerde fortelja då me kom oppom.
No skulle det bli rebustur frå skulen, bortom ungdomshuset og bort att.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og så avsluttar me med mandel i grauten, mandelpremiar og gløgg i Losjehagen. Og så blir det litt sånn «Gi-meg-eit-blink» med lommelykt...eller kva det no var. Nett dette siste må du ikkje skriva, det er ikkje eg som har planlagt det, sa Gjerde.
Og det noterte me oss.
Tenk høgt
Me kasta oss på valfarten saman med store og små med hovudlykter, klare til å løysa gåtene som var lagt ut langs ruta. Kva fekk Jesusbarnet av Dei tre vise menn? Cola, som nokon kom med forslag om, viste seg å vera feil, men stemninga var det ingenting å seia på.
- Dette går veldig bra. Me går inn med siger og ut med tap, sa ei av mødrene mysteriøst, men optimistisk.
Ikkje alle hadde fått med seg kor det var meininga ein skulle gå, og ein meinte at me kanskje skulle svinga oppom Revna 1000 (eller Revnestranden Handel som det heiter).
Ved busstoppet over vegen var spørsmålet kvifor ikkje alle fekk noko i sokken til jul? Her vart samtlege i stuss og nokon oppmoda dei same samtlege til å tenkja høgt, dessverre utan resultat.
Refleks er bra
Over Balleseelvo på plassen bak ungdomshuset, hang ein lapp med spørsmålet om kvifor ein feira jul.
- Er det då nissen vart fødd, spurde nokon, truleg retorisk. Forslaget hausta anerkjennande nikk og det vart notert flittig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då folkehopen kom ut på hovudvegen under veglysa, og me ville stilla litt kritiske spørsmål, smatt folk unna.
- Refleks er bra for store og små....og me gler oss til jul, sa ei og halsa framover.
Ein annan, til og med ein av samfunnets støtter, sa berre at, nei, han visste ingenting, han var nett komen.
- Æ å, sa kona hans. Og med desse orda var me komne til endes i alfabetet og det var ikkje meir å snakka om.
Ikkje lett å laga kritisk journalistikk når ein har slike arbeidsforhold.
Dåm og bouquet
Den sleipe brekka opp mot Losjehagen var kanta med faklar som lukta vanilje. Og øvst oppe venta ei dugeleg gryte med graut og panner med gløgg under open eld og ekte bålos.
- Sjølv hønene er på party i kveld, sa ho som serverte juleraud drikke med sleiv.
I røyken og lyset frå lyskastaren på leikeplassen sette folk seg rundtom der det var plass, praten gjekk og stemninga, som alle er ute etter i desse tider, kom sigande. Sjølv ikkje at ein (som me ikkje skal nemna namnet på) vart teken i å ha med seg eigen mandel, kunne leggja ein dempar på denne kraftklumpen av lettliva sinnelag og julete dåm og bouquet mitt i mørkaste kvelden, då det var akkurat ei veke igjen til julekvelden.