Daniel Røen er klar for ny tur til Lesvos for å hjelpa der han kan.
Daniel Røen er klar for ny tur til Lesvos for å hjelpa der han kan.

I morgon reiser Daniel ned att til Lesvos

Ambulansearbeidar Daniel Røen (24) reiser ned att til Lesvos for å hjelpa kalde og våte flyktningar i land. - Du gløymer aldri smila deira, seier Røen.

- Kor mange flyktningar vågar å kryssa Mytilinistredet for å koma til Lesvos no om vinteren?

- I sommar kom det i land 9.000 på ein dag på det meste. No er talet mellom 2.000 og 3.000 menneske kvar dag. Det er vinter også på Lesvos - no såg eg nett på vêrmeldinga at det var meldt snø der nede. Det ligg rett i havgapet også - det blir grådig kaldt, seier Røen.

- De som arbeider på stranda vert kalde, og sikkert endå meir dei som kjem i båtane?

- Ja, mange av dei som kjem i båtane går berre i ei dongeribukse. Og båtane er berekna for rundt 20 personar - men det er som regel mellom 40 og 45 personar i båtane. Det er snakk om 21 fots-gummibåtar, og dei ligg ca. 15 centimeter over vasskorpa med den vekta. Då skal det ikkje mykje sjøsprøyt til før det kjem vatn inn i båten. Mennene sit på ringen og skaper ein vernande ring rundt kvinner og born som sit midt i båten, seier Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har det skjedd ting som gjer at du får bruk får erfaringa di som ambulansemedarbeidar?

- Nei, heldigvis har ikkje det skjedd enno. Men eg er førebudd på at det kan skje noko slikt kva tid som helst. Eg reiser ned i lag med ei grupper frå Medics Bergen. Me består av folk som har akuttmedisinsk erfaring - slik kunnskap vil alltid vera verdfull å ha med seg på ein slik tur.

- Kva er motivasjonen din for å reisa ned att?

- Dette er noko eg brenn for. Det er kjekt å vera til hjelp. Og så får du så utruleg mange gode tilbakemeldingar. Smilet i andletet til dei du får hjelpa. Dei er utruleg takksame. Kva skal eg seia - dei blir så glade for små ting. For turre klede. Og for ei flaske vatn og ein pakke tørre kjeks med masse næring. Dei takkar og bukkar og nokre tek til tårene. Mange seier at dei aldri kjem til å gløyma oss. Og det trur eg er sant. Ingen av oss kjem til å gløyma nokon av dei heller.

- Dei er sikkert veldig letta over å ha kome trygt i hamn?

- Ja. Samtidig er nok kjenslene veldig blanda. Dei kjem i land til uvisse. Reisa har berre så vidt teke til for dei. Etter å ha kome til Lesvos, vert dei sende til Athen. Etter det er du på eiga hand. Då er det å reisa vidare nordover i Europa.

- Er det ingen som har som mål å busetja seg i Hellas?

- Nei, ingen av dei me snakka med i alle fall. Mange har som mål å reisa til Tyskland. Det er stort sett syrarar, afghanarar og irakarar som kjem. Dei einaste som er lovlege flyktningar er syrarar. Syrarane kan Hellas senda vidare som flyktningar. Men irakarar og afghanarar blir sende i retur. Alt dette er sjølvsagt ei stor økonomisk belastning for Hellas.

- Korleis er systemet på stranda - er det greske styresmakter som styrer showet?

- På sjølve Lesvos finst det eit sjukehus og ein ambulanse. Så lokale helsemynde har lite å stilla opp med. I tillegg så får ikkje store organisasjonar som Røde Kors eller FN tilgang - Hellas er nok redde for at eit slikt nærvær vil gjera Lesvos endå meir attraktiv som naudhamn. Difor er det berre mindre organisasjonar som Medics Bergen som får hjelpa til. Medics Bergen har vel no blitt litt meir som "Medics Sør-Noreg", denne gongen skal eg reisa ned i lag med 10 andre helsearbeidarar frå bl.a. Stavanger, Førde og Oslo. Organisasjonen har hatt eit kontinuerleg nærvær på Lesvos sidan midten av november. Og så er det viktig at heile tida nokon med erfaring er til stades - sidan eg har vore der ein gong tidlegare og kjenner systema, vegane og lokale forhold er eg den mest erfarne av oss som reiser ned no.

- Korleis reagerer lokalbefolkninga på den stadige straumen flyktningar?

- Det er litt delt. Dei fleste me møtte er veldig hjelpsame. Enkelte opnar opp hus og hage for å lagra utstyr me treng i arbeidet vårt, og hjelper til på andre måtar. Men mange lever av turisme, og det er ikkje til å stikka under ein stol at turismen på øya blir øydelagt av dette. Dei går nok ein tøff sommar i vente, seier han.

- Vil du oppfordra vanlege folk, utan erfaring frå akuttmedisin å reisa ned? Er det behov for det?

- Behovet er der nok. Då ville eg ha teke kontakt med ein hjelpeorganisasjon som t.d. «Dråpen i havet». Det er best å gå via ein slik organisasjon for å få litt system på det.

- Korleis finansierer du ein tur til Hellas?

- Eg betaler frå eiga lomme. Jobben har hjelpt til med å finna vikarar - og sambuaren min, som har same yrke som meg, har teke nokre av mine vakter. No brukar eg friperioden min til å reisa ned. Det kostar ca. 6.000 i flyreise og ca 2.000 for å bu på hotell ei veke. Det er gresk standard på hotella, så du må vera klar for å sova med to lag ull på om natta i vinterhalvåret. Dersom folk vil hjelpa, har Medics Bergen også eit stadig behov for midlar til medisin og anna utstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Daniel Røen

Fødd: 4. mai 1991

Busett: Kuvågen, Os

Sivilstatus: Sambuar

Stilling: Akuttmedisinsk avdeling, ambulanse

Aktuell med: Reiser sundag for andre gong til Lesvos, Hellas for å hjelpa flyktningane som kjem i land både med mat og varme klede - og dersom naudsynt - akutt helsehjelp.