Kommunevåpen: Her er juryen sin favoritt
Dei seks jurymedlemmene som har sett på forslaga til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune, har alle same favoritt blant dei åtte forslaga dei har vurdert.
– Vi har sjølvsagt diskutert dei ulike forslaga, men dette forslaget var favoritten til alle saman, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.
Gjekk breitt ut
Personar med formgjevingskompetanse har blitt oppmoda til å koma med forslag. Det har mange gjort, og alle som har levert forslag, er godkjente og kvalifiserte for jobben. I juryen sit Søviknes, ordførar i Fusa, Atle Kvåle, kultursjefane Lisbeth Axelsen og Erik Vangsnes, i tillegg til rådmann i Os Christian Fotland og grafisk designar Per Bækken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi gjekk breitt ut og sa at dei med formgjevingskompetanse kunne delta, i staden for folk med kompetanse innan den og den type kunst. Dette er vaksne fagfolk som har levert forslag.
Det som skjer vidare no, er at fellesnemnda skal handsama forslaget måndag, før det blir teke endeleg avgjerd i dei to kommunestyra på nyåret ein gong.
– Vi kunne ha venta til første kommunestyremøte for Bjørnafjorden kommune, men vi vil heller gjera det no. Det er ein fordel for dei som jobbar med profil og merkevarebygging.
Oselvaren – symbol på Bjørnafjorden
Forslaget til kommunevåpen har fleire moment ved seg som kan knytast til begge kommunane.
– Oselvaren, fjorden er symbolisert med blåfarga. Under Oselvaren er det som kan sjå ut som to bølgjer, men som også kan vera symbol på både rosemåling og jettegrytene i Fusa. To bølgjer kan også vera symbol på to kommunar slår seg saman, seier juryen.
Det kan koma små justeringar i fargekodane, og i smådetaljar i våpenet, men i hovudtrekk vil det sjå slik ut om kommunestyra vel å gå for dette.
– Eg vil presisera ein ting med oselvaren. Den er eigentleg ikkje Os sin båt, men Bjørnafjorden sin. Oselvaren blei produsert i Os, men også i Fusa og på Tysnes, seier Atle Kvåle og legg til:
– Oselvaren er eit godt symbol på Bjørnafjorden kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Os kommune sin heimeside kan ein sjåforslaga som juryen har vurdert, og innstillinga til juryen, som ikkje veit kven som har kome med forslaga. Det er det berre Lisbeth Axelsen som veit.